Psykt deg med Maria:
Eit sirkus av kjensler om morgonen
😤🥰🤪
Blir du lett irritert om morgonen? Du er ikkje aleine! Og du kan gjera noko med det. 🙌
Indre klokke🤷
Sengetøy-bakgrunn
Fast døgnrytme er godt for helsa ❤️
Stoff-bakgrunn
Styrt av hormon
Sengetøy-bakgrunn
Forstyrringar gjer deg irritabel 🤯
Somme gonger forstyrrar vi døgnrytmen. For eksempel viss vi er vakne på eit tidspunkt vi vanlegvis plar sova. Då produserer kroppen hormon til feil tid. Vi blir trøytte når vi skal vera vakne, og vakne når vi skal vera trøytte. Det gjer at ein lettare kjenner seg sliten og irritert. 🥱😒
Stoff-bakgrunn
Tips!
Har du ikkje ein fast døgnrytme? Eller er du ofte trøytt og i dårleg humør? Prøv dette dei neste vekene:
-
Legg deg til cirka same tid kvar kveld. 🛌
-
Ha på vekkarklokke til same tid kvar morgon. ⏰
- Kroppen toler at døgnrytmen i helgene blir forskuva med opp til to timar. Det er altså heilt greitt å vera litt lenger vaken på fredag eller laurdag. Det er likevel lurt å stå opp litt tidleg på søndag. Då kjennest ikkje vekkinga på måndag så ille. 💙
Sengetøy-bakgrunn
Hugs også dette …
Hormona blir produserte i ulik mengde frå menneske til menneske. Nokon har sjukdommar som forstyrrar produksjonen. Derfor er det ikkje sikkert tipsa fungerer heilt likt på alle!
Stoff-bakgrunn
Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel
Foto: Cecilie Nilsen / Lister24
Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock