KROPP OG SEX MED EIRIK:
Feik eller fakta?
For at vi skal vite kva som er feik, må vi vite kva som er ekte. Men viss vi først ser det som ikkje er verkeleg, korleis kan vi vite kva som ikkje er sant?
Sex i mente illustrert med emojis og et bilde av Eirik.
Porno er ikkje ekte
Alle seier at porno ikkje er ekte. Men alle ser at personane i pornoen har sex. Så kva er det som ikkje er verkeleg?
- Vil dei eigentleg ikkje gjere det framfor kameraet?
- Læst dei som at dei synest det er godt?
- Liker dei ikkje personen dei er saman med?
- Ville dei ikkje gjort det akkurat sånn og slik, viss det ikkje var eit kamera som filma?
- Korleis ville dei i så fall gjort det, viss det ikkje var eit kamera i rommet?
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Vi ser og vi ser
Når vi ser på porno, tenkjer vi ikkje over kva vi ser. Vi ser, vi ser, og vi ser. Så lukkar vi skjermen, slettar kanskje søkjeloggen først, og forlèt pornoen. Vi ser på porno åleine, og vi snakkar aldri heilt ærleg om det. På ein måte er det noko alle er åleine om. I eit lukka rom. Vi går inn, og vi går ut.
Men det vi ser på mange nok gongar, er vanskeleg å ikkje ta med seg vidare. Sjølv om pornoen blir låst inne på rommet, kan vi ta han med oss ut. Utan å vere klar over det.
Laptop som viser en stilisert illustrasjon av pornografi.
Fem fargerike figurer i en orgie.
Det er viktig å sjokkere
Sidan vanleg sex ikkje er bra TV, må pornoen heile tida forandre seg for å vere uvanleg. Han må fange merksemda vår i konkurranse mot alt anna som finst på skjermen. Då er det viktig å sjokkere.
Har det vorte slik at det er det unormale som har vorte vanleg å sjå på? Og viss alle ser på det unormale, blir det då det vi forventar?
Fersken-, splash- og squash-emoji.
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To personer som sitter på en sengekant.
En person som ser på porno på PC.
Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?
Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.
Skrive av Eirik Husby Sæther.
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Line Hordvin
Kven er Eirik Husby Sæther?
Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.