Plantar i regnskogen
Mange av naturmedisinane vi bruker, veks i regnskogen – det største apoteket i verda.
Plantar i regnskogen
Mange av naturmedisinane vi brukar, veks i regnskogen – verdas største apotek. Mengda kjemikaliar som finst i plantane i regnskogane, er ganske overveldande.
Kakaotreet gjev oss mykje meir enn kakaobønner som vi lagar sjokolade av. Det er ein medisinplante som produserer meir enn 150 kjemikaliar i blad, frukt, frø og bark. Dei kjemiske stoffa har vore brukt til medisin blant anna mot angst, feber og nyrestein.
Avlingar i regnskogen
Tenk om det ikkje fanst sjokolade, kaffi, ris eller sukker! Vi kan takka regnskogen for ting vi et og kler på oss kvar dag. Møblane heime hos deg kan vera laga av treverk frå berekraftige plantasjar, dei vil seia plantasjar som ikkje øydelegg regnskogen, og skosolane dine er laga av lateks frå gummitre.
Endå viktigare er medisinar som ein vinn ut frå regnskogplantar. Dette legg eit stort press på regnskogen. Det er viktig at vi tek vare på regnskogen som gjev oss alle desse gåvene.
Den unike regnskogen
Regnskogar er veldig spesielle stadar kor det lever enormt mange ulike plantar og dyr. Dette er det eldste og frodigaste økosystemet i verda.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
Kjelder
- Junior vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
- Regnskogfondet (20.08.2020)
https://www.regnskog.no/
- Hjermann, Dag Øystein; Larsen, Henning: regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/regnskog
- WWF (20.08.2020): Nordlige regnskoger
https://www.wwf.no/dyr-og-natur/skog-og-regnskog/skog/nordlige-regnskoger
- Hjermann, Dag Øystein: temperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog
- FN (20.08.2020): Regnskog
https://www.fn.no/Tema/klima-og-miljoe/Regnskog
- NRK (20.08.2020)
www.nrk.no/skole