Pengar veks ikkje på tre!

Har du høyrt dette bli sagt nokon gong? Mange vaksne liker av ein eller annan grunn å bruke dette uttrykket.

Accessibility icon Pengar veks ikkje på tre!

Nei, pengar veks
ikkje på tre

Det er det jo ingen som nokosinne har trudd! Kvifor blir dette uttrykket brukt så ofte då, og kva meiner dei som seier det eigentleg? 

Dette betyr at pengar ikkje kjem så lett til oss, og at vi ikkje kan få alt vi ønskjer oss utan å jobbe for det.

Det er viktig å forstå at vi må jobbe og spare pengar for å kunne kjøpe det vi har lyst på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sparing

Får du pengar i gåve på bursdagar eller i samband med høgtidsfeiringar? Jobbar du ved sida av skulen eller har sommarjobb? Eller kanskje du får vekelønn eller månadslønn for å hjelpe til heime? Kva gjer du med desse pengane?

Eit godt råd er å prøve å spare litt. Då kan det vere lurt å setje pengane på ein eigen sparekonto. Den har ofte ei litt høgare rente enn det vi kallar for brukskonto. Det betyr at pengane dine veks raskare på ein sparekonto.

Det er lurt å begynne å spare så fort ein kan. Og det er alltid betre å spare litt enn ingenting. Kva synest du det er smart å spare til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tene pengar sjølv

Det er ikkje så lett for ungdommar å få jobb, men kanskje du kan få deg småjobbar frå naboar og kjende. Eller kanskje du kan finne ein sommarjobb som gjer at du kan tene nokre kroner.

Viss du jobbar i ei bedrift, får du ein lønnsslipp. Han viser kva du har tent, og det blir trekt skatt av det du tener viss du tener meir enn frikortbeløpet. Frikortbeløpet er ei grense for kor mykje du kan tene før du må betale skatt.

Du får ikkje lønn i ferien, men har krav på feriepengar som svarer cirka til 10,2 prosent av det du tente året før.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Å betale skatt

Frikort

Du kan ha frikort viss du tener 70 000 kroner eller mindre i løpet av året. Frikortet viser arbeidsgivaren din at dei ikkje skal trekkje skatt av lønna di. Har du jobba i fjor, og fått feriepengar i år, skal dette reknast med i beløpet på 70 000 kroner.

Merk at frikortbeløpet på 70 000 kroner var for 2023, beløpet blir endra av styresmaktene kvart år.

Skattekort

Viss du tener over frikortbeløpet, må du ha eit skattekort. Dette viser arbeidsgivaren din kor mykje dei skal trekkje i skatt før lønna blir overført til deg. Skatteetaten bereknar kor mykje du skal betale i skatt basert på kor mykje du reknar med å tene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Betalingsmiddel

Eit betalingsmiddel er det vi brukar til å betale varer eller tenester med. I Noreg blir pengar brukte i form av kontantar, likvide midlar, innvilga kredittar (lån eller kredittkort) eller elektroniske pengar.

Kort eller kontant?

Kontantar er pengesetlar og myntar. Tidlegare var det vanleg å betale med kontantar. No brukar dei fleste betalingskort og betaler med elektroniske pengar. 

Elektronisk betaling på nett og bruk av appar er også utbreidd i Noreg. Vipps er eit døme på dette.

Det er to typar elektroniske kort: kredittkort og debetkort.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kredittkort

Kredittkort er eit betalingskort der den som gir deg kortet, lèt deg låne opptil eit visst beløp på kortet. Vi kallar beløpet for kredittgrensa. Då kan du handle utan at du har (nok) pengar på bankkontoen din. Kvar månad vil du få ei rekning som seier kva du skuldar og kva som er det minste du må betale den månaden. Du treng nemleg ikkje betale alt du skuldar med ein gong.

Du kan betale tilbake pengar du skuldar på eit kredittkort over ein lengre periode, anten det er månader eller år. Men viss du ikkje betaler alt tilbake på den første rekninga, vil du ende opp med å måtte betale meir enn det du opphavleg lånte. Dette er fordi du må betale renter, som er ein ekstra kostnad for å låne pengar. Derfor kan det vere lurt å unngå å bruke kredittkort med mindre du er sikker på at du kan betale tilbake alt du skuldar ved forfall.

Å kjøpe på kreditt kan sjølvsagt lønne seg nokre gonger. Spesielt viss det er eit godt tilbod du ønskjer å nytta deg av. Då kan det vere at renter og gebyr du skal betale, er mindre enn beløpet du sparer ved å kjøpe der og då. Hugs at du må ha ein plan for å betale tilbake for at det skal lønne seg på lang sikt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Debetkort

Eit debetkort er eit betalingskort der banken trekkjer beløpet frå kontoen din med ein gong. Det er det vi kjenner som vanleg bankkort. Du må ha nok pengar på kontoen for å kunne betale. Du kan ikkje låne pengar på debetkortet.

Nokre gongar kan det vere eit lite gebyr for å ta ut pengar med debetkortet, eller for å bruke det til å kjøpe ting. Men det er vanlegvis ikkje så mykje.

Debetkortet er ein god måte å halde styr på pengane dine på. Fordi banken tek pengane med ein gong, kan du vere sikker på at du ikkje brukar meir enn du har på kontoen din.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bli sjef over di eiga lommebok!

Det er viktig å jobbe for å tene pengar og å lære å ta ansvar for økonomien din. Dette hjelper deg å oppnå økonomisk tryggleik.

Ved å jobbe hardt for å tene pengar og spare til ting du ønskjer deg, kan du kjenne deg meir deg stolt og sjølvsikker. Du vil også ha meir kontroll over pengane dine.

Det å lære å ta ansvar for pengane sine er ein veldig viktig del av det å bli vaksen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Meinich, Per: penger i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 18. november 2021 frå https://snl.no/penger

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images / NRK Skole
    5. Getty Images
    6. Adobe Stock
    7. Adobe Stock
    8. Getty Images