Orkanar og tornadoar
Orkanar og tornadoar er sterke naturkrefter som kan ha store og alvorlege konsekvensar. I takt med global oppvarming og klimaendringar aukar også styrken på desse stormane.
Orkanar
Orkanar er toreskyer som vert danna over tropiske hav. Dei kan verta veldig kraftige, og dei tek med seg sterk vind, piskande regn og store bølgjer.
Stormflo
Stormflo er den mest øydeleggjande delen i ein orkan. Stormflo vert til når virvelvinden i orkanen lyfter havflata opp. Viss ho treffer land, kan ho skapa enorme øydeleggingar. Orkanar øydelegg bygningar og skadar strender, vegar og bruer ved kysten.
Seilbåter strandet på grunn av Hurricane Irma Key West
Orkanen Katrina
23. august 2005 kom orkanen Katrina over Bahamas. Seks dagar seinare trefte han kysten over USA. Dette førte til store overfløymingar, spesielt i byen New Orleans. Totalt tok orkanen Katrina 1833 menneskeliv.
Orkan Katrina ødeleggelse
Menneskeleg påverknad
Forskarar er einige om at orkanane har vorte kraftigare, og at det kan forsetja å verta verre under ei global oppvarming.
Store bølger
Tornadoar
Tornadoar er torevær som oppstår over land når varm og kald luft krasjar. Då kan det dukka opp høge søyler av vind som går frå bakken og opp til ei toresky.
Tornado
Stormskyer
Storm i Noreg