Men Eda er jo gravid?!
Helin, Amrit og Fariba prøver å finne seg sjølve og vegen i kvar si verd sterkt prega av to ulike kulturar. Fellesnemnaren for alle er behovet for å vere “norske nok”, samtidig som tilhøyrsla til eigen etnisitet og kulturen til foreldra er essensiell for identiteten.
I denne refleksjonsartikkelen om NRK-serien Norsk-ish skal vi sjå på ei scene frå episode 2 i sesong 1
Nærbilde av Helin som ser usikker og nervøs ut
Den vanskelege samtalen
Helin, ein andregenerasjons innvandrar frå Tyrkia, har lova å stille som støtte når veslesøster Eda skal fortelje foreldra om graviditeten sin. Ho har sjølv alltid vore svært pliktoppfyllande overfor dei tilsynelatande store forventingane til henne, og møter opp med ei aning om korleis samtalen kjem til å ende.
Korleis skal ho kunne ta vare på Eda i dette? Kjem heile det tyrkiske samfunnet til å stengje henne ute no? Kanskje blir heile familien deira kansellert?
Helin og Eda sitter ved siden av hverandre ved et bord hjemme hos foreldrene. Eda ser rett frem på foreldrene sine som sitter på andre siden av bordet, mens Helin titter bekymret bort på lillesøsteren sin
Nærbilde av Helin og Eda. Helin snakker og ser bekymret ut, og Eda ser lettet ut og smiler
Foreldrene til Helin og Eda sitter på andre siden av bordet og holder hender. Moren deres smiler og ser glad ut. Faren derimot ser litt mer usikker ut på Helin og Eda
«Norsk-ish» er ein TV-serie produsert av NRK. Klippa frå TV-serien er publiserte på Skulerom med løyve frå NRK.
Serieskaper og manusforfattar: Melike Leblebicioğlu og Bahareh Badavi
Regissør: Terje Rangnes