Frostsprenging
Dei ytre kreftene påverkar ikkje jorda like dramatisk som dei indre kreftene. Vind og sand sliper fjellet sakte ned, omtrent som når vi bruker sandpapir på ein trebit. Viss vatn frys i ein fjellsprekk, vil det utvide seg. Då blir små bit av fjellet brotne laus. Det blir kalla frostsprenging.
Solsprenging
Viss sola varmar opp en stein, vil han utvide seg. Viss det blir kaldt, vil steinen trekkje seg saman. Til slutt sprekk han opp i mindre bitar. Det blir kalla for solsprenging.
Det at bitar av fjellet blir brotne laus og frakta bort av ver og vind, kallar vi erosjon.
Dalar
Elver og bekkar grev seg gradvis ned i stein og kan skape dalar. Dette tar lang tid, men vi kan sjå det i landskapet som V-dalar. Isbrear formar òg landskapet. Når dei bevegar seg, tar dei med seg laus stein og sliper ned overflata. Dette kan vi sjå som U-dalar.