Mysteria i det gamle Egypt

Historiene og mysteria frå Egypt i oldtida har trollbunde menneska i fleire hundre år. Vi har storslegne pyramidar som hevar seg over den gylne sanden i ørkenen og kjølege faraograver, fulle av skattar. Men korleis var livet for dei som levde, arbeidde og døydde i skuggane av slike unike monument?

Accessibility icon Mysteria i det gamle Egypt

Slik levde dei

Historia om Det gamle Egypt startar cirka 3150 f.Kr., med samlinga av Øvre og Nedre Egypt, og sluttar med invasjonen til Aleksander den store i 322 f.Kr. Arven etter Det gamle Egypt lever i skattane, gravene, monumenta, mumiane og artefaktane, og i den livgjevande Nilen som framleis snor seg gjennom det moderne Egypt.

Farao med pyramider i bakgrunn

Nilen

Nilen renn nordover gjennom Egypt til Middelhavet. Elva var sjølve livsnerven til Det gamle Egypt. Årleg monsunregn i Etiopia førte til at elva fløymde over jorda langs elvebreddene og skapte frodig, fruktbar jord kor ein kunne dyrka avlingar.

Jegerar og samlarar har budd i Nildalen så langt tilbake som for 120 000 år sidan. Men historia om Det gamle Egypt starta ikkje før landområda langs Nilen blei samla under éin herskar. Dette skjedde i cirka 3100 f.Kr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Folk henter vann i Nilen
Folk henter vann i Nilen

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!