Musikk kan endra verda
Musikken si rolle i samfunnet går langt tilbake i tid. Han når ut til alle aldrar og samfunnsklasser og har i dag stor reaksjonskraft både politisk og sosialt.
Musikk som samfunnsspegel
Gjennom historia har musikken spegla samfunnet han har blitt brukt i. Artistar og komponistar har brukt den tida dei levde i til å skapa musikk. Anten for å begeistra eller for å kritisera. Musikk blir brukt både til glede og sorg, eller som reaksjon på samfunnsspørsmål.
Musikken i vikingtida
Song og musikk spelte ei viktig rolle i vikingtida. Musikken blei brukt til fest, når barna skulle sova, eller når ein skulle utføra tungt arbeid. Musikkinstrument blei til og med brukte i krig. Vi har ikkje funne notar, så vi veit ikkje korleis melodiane høyrdest ut. Men instrument har vi funne mange av. Dei spelte på bronselurar, beinfløyter og bukkehorn. Ein høvding eller konge viste styrke og makt ved å ha musikarar rundt seg.
📷 Bronselurar funne i Brudevælte i 1797.
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!