Mordet på påskehytta
Det var 1. påskedags ettermiddag, klokka var nesten 16, og politiinspektør Hauge hadde vorten send av garde til ei hytte oppe i dalen. Årsaka var eit mistenkeleg dødsfall på ei hytte. Hauge gleda seg ikkje til dette oppdraget, han hadde lite erfaring med slike saker.
Stor, snødekt hytte på fjellet
Vanlegvis var det ganske fredeleg i den vesle bygda, men i påska kunne det bli ein del bråk med alle hytteturistane. Hauge var glad for at det var bilveg heilt fram til hytta, for det var kaldt. Gradestokken hadde krope ned mot minus 20 dei siste dagane, og vårkjensla frå veka før var heilt forsvunnen.
Bil kjører i skogen på snødekt vei
Det var ei luksuriøs hytte, og frå takskjegget hang det nokre store og vakre istappar og blinka i sola. Utanfor hyttedøra stod det fleire par ski, og jammen var det ikkje eit gammalt par med treski der òg. Madshus. Han hugsa at han ein gong hadde hatt slike sjølv, hugsa svakt dei ulike smurningane – blått, lilla og raudt – kvar for sin temperatur, og tok tak i den nærmaste skia. Det klistra seg noko til handa – skia var smurd med raudt klister. «Pokker, typisk at eg skal måtte be om ein klut med ein gong eg kjem inn døra. Så mykje for å verke profesjonell!»
Stor vinterhytte dekket av snø
Inne i den store hytta var legen allereie komen og stod no bøygd over den livlause skikkelsen som låg ved sida av kjøkkenbenken. Gjestane satt rundt i dei store sofaene og såg ut som dei ønskte seg langt vekk. På kjøkkenbenken kunne Hauge sjå ei diger lammesteik som tydelegvis nettopp var teken ut av omnen, han skulle nok halde til middag for alle både i dag og i morgon, tenkte han for seg sjølv. I tillegg stod det ein haug med glas og tomflasker på benken, det hadde tydelegvis vore eit festleg lag, skulle han dømme ut frå talet på glas og flasker.
Stua i en luksuriøs vinterhytte er full av dyre møbler
Legen kunne fortelje at dette ikkje var eit naturleg dødsfall, fordi det var tydeleg at den døde hadde vorte slått med ein hard gjenstand, og ein spiss gjenstand var stukken inn i brystet og hadde treft hjertet. Politiinspektør Hauge såg seg rundt og la merke til ishakka som låg borte ved døra. Kunne det ha vore noko slikt som hadde vore brukt? Legen fortalde at det sannsynlegvis var brukt noko som var endå smalare og spissare enn ishakka, og han kunne heller ikkje sjå noko anna i rommet som kunne ha vore brukt som slagvåpen. Men det aller merkelegaste var at det ikkje var noko spor av blod på gensaren til avdøde – slik ein burde forvente når stikkvåpenet vart trekt ut igjen.
Stor, snødekt hytte på fjellet
Blank notatblokk
Gamle treski og staver oppstilt mot hytteveggen
Blank notatblokk
Stekt lammestek på fjøl
Blank notatblokk
Kva har skjedd?
Klarer du å løyse mysteriet med hjelp av notata til politiet?
- Kven er mordaren?
- Kva var mordvåpenet?
- Kva var motivet?
Stor, snødekt hytte på fjellet
Tekst: Eva Bratvold | Bilder: Getty Images
Har du funne svara?
I Lærarrommet kan du finne løysinga på mysteriet. Der finst det òg masse læringsstiar og oppgåver som raskt kan takast i bruk i undervisninga. Ønskjer du prøvetilgang – ta kontakt med oss!