Portrett av Marie Curie med svart bakgrunn
Marie og Pierre Curie
Det magiske stoffet
Marie oppdaga grunnstoffet radium som hadde nokre heilt spesielle eigenskapar. Ho forstod at radium sender ut stråling frå atomkjernen, og dette blir kalla radioaktivitet. Då det sjølvlysande stoffet var nytt og spennande, blei det brukt i alt frå tannkremar til klokker.
Radium kjem til nytte
Vi veit no at strålinga frå radium er helseskadeleg. Men blir det brukt riktig, reddar det liv, som for eksempel i kreftbehandling.
Marie fekk i stand bilar som var røntgenlaboratorium på hjul. Dei blei brukte i frontlinja under den første verdskrigen. Maskinane oppdaga indre skadar hos såra soldatar, ved å ta røntgenbilete av dei. Maries radium blei også brukt i dette arbeidet, og Marie deltok sjølv.
Marie Curie i en bil kalt røntgenlaboratorier på hjul
Personleg trøbbel
Maries mann Pierre døydde i ei trafikkulykke i 1906, og Marie tok over professorjobben hans. Då det blei kjent at ho hadde eit forhold med ein gift mann – som rettnok var separert frå kona – var det ein skandale. Noko slikt var uhøyrt på byrjinga av 1900-talet, og ho blei sjuk av dei ufine rykta om henne.
Det største offeret
Marie Curie blei også sjuk av strålinga ho utsette seg for gjennom alt arbeidet sitt. Ein kjente ikkje til kor farleg strålinga var den gongen. Marie Curie døydde 67 år gammal av blodmangel, mest sannsynleg på grunn av strålinga fra forskinga på radium. Slik sett gav ho livet sitt til forskinga.
Notatbøkene hennar må ein framleis ta vare på i en boks av bly, fordi dei var og er enno svært radioaktive.
Illustrasjon av laboratorium til Marie og Pierre Curie
Arven etter Marie Curie
Marie fekk to døtrer. Irène gjekk i fotspora til mor si, og i 1935 mottok Irène og ektemannen Frédéric Joliot nobelprisen i kjemi. Eve er den andre og kanskje mindre kjende dottera. Ho blei konsertpianist, journalist og forfattar.
Marie Curie var ei modig pionerkvinne som var lidenskapeleg opptatt av å forska og formidla kunnskapen sin til omverda og la han komma til nytte for heile samfunnet.
Kjelder:
- Historiens største kvinner (2019)
Orage forlag AS, 2019
- Pedersen, Bjørn: Marie Curie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 4. januar 2021 frå https://snl.no/Marie_Curie
Bilete- og videorettar:
-
-
Henri Manuel
-
Getty Images / TED-Ed – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Foto: Ukjent (CC BY 4.0)
-