Portrett av Marie Curie med svart bakgrunn
Marie og Pierre Curie
Det magiske stoffet
Marie oppdaga grunnstoffet radium som hadde nokre heilt spesielle eigenskapar. Ho forstod at radium sender ut stråling frå atomkjernen. Det er dette som blir kalla radioaktivitet. Då det sjølvlysande stoffet var nytt og spennande, blei det brukt i alt frå tannkremar til klokker.
Radium kjem til nytte
Vi veit no at strålinga frå radium er helseskadeleg. Men blir det brukt riktig, reddar det liv. Eit eksempel på dette er i kreftbehandling.
Marie fekk i stand bilar som var laboratorium på hjul. Desse bilane kunne ta røntgenbilete av soldatar! Bilane blei brukte under den første verdskrigen. Maskinane i bilane tok røntgenbilete av såra soldatar. Då kunne ein oppdaga indre skadar hos soldatane. Maries radium blei òg brukt i dette arbeidet, og Marie deltok òg sjølv.
Marie Curie i en bil kalt røntgenlaboratorier på hjul
Personleg trøbbel
Maries mann Pierre døydde i ei trafikkulykke i 1906. Etter det tok Marie over jobben hans som professor.
Då det seinare blei kjent at ho hadde eit forhold med ein gift mann – som var separert frå kona – var det ein skandale. Noko slikt var ikkje populært på byrjinga av 1900-talet. Marie Curie blei sjuk av dei ufine rykta om henne.
Det største offeret
Marie Curie blei òg sjuk av strålinga ho fekk frå arbeidet sitt. Ein kjende ikkje til kor farleg strålinga var den gongen. Marie Curie døydde 67 år gammal av blodmangel. Dette var mest sannsynleg på grunn av strålinga frå forskinga på radium. På denne måten gav ho livet sitt til forskinga.
Notatbøkene hennar må ein framleis ta vare på i ein boks av bly fordi dei enno er svært radioaktive.
Illustrasjon av laboratorium til Marie og Pierre Curie
Arven etter Marie Curie
Marie fikk to døtrer. Irène gjekk i fotspora til mor si. Ho fekk òg nobelprisen i kjemi. Eve er den andre dottera. Ho blei konsertpianist, journalist og forfattar.
Marie Curie var ei modig kvinne som var veldig opptatt av å forska! Ho formidla kunnskapen sin til samfunnet rundt henne. På denne måten kom forskinga hennar til nytte for heile verda.
Kjelder:
- Historiens største kvinner (2019)
Orage forlag AS, 2019
- Pedersen, Bjørn: Marie Curie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 4. januar 2021 frå https://snl.no/Marie_Curie
Bilete- og videorettar:
-
-
Henri Manuel
-
Getty Images / TED-Ed – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Foto: Ukjent (CC BY 4.0)
-