CHRISTINA SNAKKAR OM FORELSKING:
Sommarfuglar i magen?
Har du vore forelska nokon gong? Kjent det krible i kroppen, og kjent at pulsen aukar når ein heilt spesiell person nærmar seg? Merka at munnen kjennest tørr når du prøver å seie noko, eller at hendene blir sveitte, og at du raudnar lett?
Seksuell legning
Omgrepet seksuell legning handlar om kven du liker romantisk, seksuelt, og kven du blir forelska i. Nokre veit tidleg at dei liker berre jenter, liker berre gutar, eller ikkje bryr seg om kjønn. Det er òg heilt normalt å trenge tid til å finne ut av desse tinga. Dei fleste av oss kjenner på forvirring rundt eigen seksualitet ein eller annan gong i løpet av livet. Om du kjenner på det no, er du definitivt ikkje åleine!
To illustrerte figurer med rødmende kinn holder hender. Ene figuren har et skateboard under armen.
Illustrert smågodthylle med fargerikt godteri for enhver smak. I den ene hyllen ligger det en blå skje og hver boks har en gul tape på seg.
Magesekken illustrert med sommerfugler i flere farger inni den.
Seksualitet
Ytterpunkta av seksualitet har blitt kalla det å vere hetero og homo. Då er liksom hetero i den eine enden av målestokken og homo i den andre. Men er det så enkelt? Nei, sjølvsagt ikkje. Det seksuelle spekteret rommar mykje meir enn det, og det er plass til alle. Du kan vere maskulin eller feminin uansett kven du liker, og seksualiteten din kan både utvikle og endre seg gjennom livet.
Bli kjend med din eigen seksuelle identitet
Når du blir tryggare på seksualiteten din, vil du oppleve at det blir lettare å vere tru mot både deg sjølv og andre. Ovanfor ein partnar vil det bli enklare å uttrykkje kva du liker og å setje grenser. Men det kan kreve innsats å bli trygg! Når du er trygg i deg sjølv, er det òg ofte enklare å gjere kjærasten din trygg, ved å lytte og forstå at hen er eit like kompleks menneske som deg.
Et skilt med flere veivalg der tekstene er lesbisk, hetero og bifil.
Kva er eigentleg vanleg?
Dei aller fleste vil vere som alle andre, og ikkje skilje seg for mykje ut. Det å kjenne at alle andre er «vanlege», kan derfor bli vanskeleg. I veldig mange år har TV og media framstilt det å vere hetero som det mest vanlege. Dei som ikkje definerte seg som hetero, kunne oppleve forvirring rundt si eiga legning. Mange skjulte si eiga legning for å ikkje verke «uvanlege». Dei siste åra har det vorte meir vanleg å stå fram som «skeiv», eit omgrep som ofte blir brukt om alle som ikkje er hetero.
Lat oss gjere eit tankeeksperiment: Kva om dei skeive ikkje hadde vorte undertrykte gjennom hundrevis av år? Då hadde det kanskje vore heilt vanleg å få lov til å berre vere seg sjølv.
LHBTQ+
LHBTQ+ – omgrepet endrar seg fordi vi stadig utviklar oss og finn nye, betre skildringar. Les deg derfor gjerne opp utanfor denne teksten òg!
Dersom desse omgrepa hjelper deg til å bli tryggare i din seksuelle identitet – bruk dei. Om du derimot kjenner at dei set deg i bås og skaper større forvirring – lat vere å bruke dei.
Dei mest brukte omgrepa
om seksuell legning:
- Skeiv er samlenemning for alle som ikkje er heterofile (same som queer på engelsk).
- Heterofil er jenter som liker gutar og gutar som liker jenter, altså liker motsett kjønn.
- Homofil er når ein forelskar seg i menneske av same kjønn som ein sjølv.
- Lesbisk er jenter som forelskar seg i jenter. Nokre seier lesbisk, og andre seier homofil.
- Bifil er når ein kan forelske seg i både jenter og gutar. Ordet «bi» betyr ‘to’ på latinsk.
- Panfil er når ein forelskar seg i personlegdom og karaktertrekk framfor kjønn.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
Vil du vite meir?
Skeiv Ungdom har laga lista Skeiv fra A-Å med ord og uttrykk det kan vere greit å vite om og bruke rett.
Treng du nokon å snakke med? ung.no har samla ei liste over gratis chat og telefontenester kor du kan henvende deg. Du kan velje å vere anonym. Det viktigaste er ikkje å måtte definere noko som helst, men kjenne deg trygg i å vere deg. ❤️
Skrive av Christina Fraas
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Christina Fraas?
Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan vere meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for bidraget sitt i kampen om rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.