CHRISTINA SNAKKAR OM FORELSKING:
Sommarfuglar i magen?
Har du vore forelska? Kjent det krible i kroppen? Kjent at pulsen aukar når ein spesiell person nærmar seg? Merka at munnen er tørr når du prøvar å seie noko? Kanskje blir hendene sveitte, og kanskje du raudnar lett?
Seksuell legning
Seksuell legning handlar om kven du liker romantisk og seksuelt. Altså kven du blir forelska i. Nokre veit tidleg om dei liker jenter eller gutar. Eller så bryr dei seg ikkje om kjønn. Det er heilt normalt å bruke tid på å finne det ut. Dei fleste kjenner på forvirring rundt eigen seksualitet ein eller annan gong i livet. Du er ikkje åleine om å kjenne det slik!
To illustrerte figurer med rødmende kinn holder hender. Ene figuren har et skateboard under armen.
Illustrert smågodthylle med fargerikt godteri for enhver smak. I den ene hyllen ligger det en blå skje og hver boks har en gul tape på seg.
Magesekken illustrert med sommerfugler i flere farger inni den.
Seksualitet
Står valet mellom å vere hetero eller homo? Nei, sjølvsagt ikkje. Det finst fleire legningar enn det. Og det er plass til alle. Du kan vere maskulin eller feminin uansett kven du liker. Seksualiteten din kan utviklast og endre seg gjennom livet.
Bli kjend med din eigen seksuelle identitet
Når du blir tryggare på seksualiteten din, opplever du at det blir lettare å vere ekte. Det blir enklare å setje grenser og seie kva du liker til ein partnar. Men det kan koste litt å bli trygg! Det er lettare å gjere kjærasten din trygg, når du er det sjølv. Ved å lytte og forstå at hen er eit like samansett menneske som deg.
Et skilt med flere veivalg der tekstene er lesbisk, hetero og bifil.
Kva er eigentleg vanleg?
Dei aller fleste vil vere som alle andre og ikkje skilje seg for mykje ut. Det å kjenne at alle andre er «vanlege», kan derfor bli vanskeleg. I mange år har TV og media framstilt det å vere hetero som det mest vanlege. Dei som ikkje følte seg som hetero, kunne oppleve forvirring rundt si eiga legning. Mange var redde for å stå fram som «uvanlege». Dei siste åra har mange vågd å stå fram som «skeiv». Det er eit omgrep som ofte blir brukt om alle som ikkje er hetero.
La oss gjere eit tankeeksperiment: Kva om dei skeive ikkje hadde vorte undertrykte gjennom hundrevis av år? Då hadde det kanskje vore heilt vanleg å få lov til å berre vere seg sjølv.
LHBTQ+
LHBTQ+-omgrepet er i stadig endring. Vi utviklar oss heile tida og finn betre måtar å beskrive det på. Les gjerne om det utanfor denne teksten òg!
Viss omgrepa hjelpar deg til å bli tryggare i din seksuelle identitet – bruk dei. Om du kjenner at dei set deg i bås og skaper større forvirring – lat vere å bruke dei.
Dei mest brukte omgrepa om
seksuell legning og kva dei betyr:
- Skeiv er eit felles uttrykk for alle som ikkje er heterofile (same som queer på engelsk).
- Heterofil er jenter som liker gutar og gutar som liker jenter. Altså motsett kjønn.
- Homofil er når ein forelskar seg i menneske av same kjønn som ein sjølv.
- Lesbisk er jenter som forelskar seg i jenter. Somme seier lesbisk, og andre seier homofil.
- Bifil er når ein kan forelske seg i både jenter og gutar. Ordet «bi» betyr ‘to’ på latinsk.
- Panfil er når ein forelskar seg i personlegdom og eigenskapar, og ikkje kjønn.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
Vil du vite meir?
Skeiv Ungdom har laget Skeiv fra A-Å. Det er ord og uttrykk som kan vere greit å vite om og bruke riktig.
Treng du nokon å snakke med? ung.no har samla ei liste over gratis chat og telefontenester som du kan bruke for å snakke med nokon. Du kan velje å vere anonym. Det viktigaste er ikkje å måtte definere noko, men kjenne deg trygg i å vere deg. ❤️
Skrive av Christina Fraas
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Christina Fraas?
Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan vere meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for bidraget sitt i kampen om rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.