Kven bestemmer kva i Noreg?
I Noreg er det mange som bestemmer. Men kven bestemmer eigentleg kva? Dommaren i ein fotballkamp bestemmer, og dommaren i ein rettssal bestemmer. Kongen bestemmer noko. Stortinget bestemmer mykje. Rektoren på skulen bestemmer, og du kan bestemme ein god del over ditt eige liv.
Kven bestemmer
kva i Noreg?
I Noreg har vi demokrati. Det vil seie at folket vel kven som skal bestemme. Og folket er mange! Derfor kaller vi det folkesuverenitet.
Kvart fjerde år kan alle over 18 år stemme. Dei politiske partia som får flest stemmer, får flest plassar på Stortinget. Politikarar på Stortinget kaller vi folkevalde. Dei bestemmer ganske mykje over korleis det er å bu i Noreg.
Tenk litt over kvifor aldersgrensa for å stemme er 18 år. Burde barn også få stemmerett?
Lys varm bakgrunn
Kongen øvst, eg nedst
Sjå for deg Noreg som ein stige. Øvst sit kongen. Han er statsoverhovudet i Noreg, men han bestemmer eigentleg ikkje så veldig mykje. På steget under kongen sit stortingspresidenten. På det neste steget sit Stortinget, og under der igjen finn vi regjeringa. Du lærer meir om desse etter kvart som du les vidare.
Vidare nedover stigen er det mange som bestemmer ulike ting.
Nedst på stigen finn vi oss sjølve. Vi kan bestemme ganske mykje over vårt eige liv. Ønskjer du å bestemme meir, må du klatre oppover i stigen.
Karrierestige
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!