Lengde- og breiddegrader
Men det er ikkje alltid du har ei gateadresse. Kanskje er du på havet, i skogen eller på fjellet. Då må du kunne angi litt meir nøyaktig enn ved å seie “på havet”, “på fjellet” eller “i skogen, rett ved ei lita elv der det veks mykje sopp”.
Her brukar vi koordinatar i form av lengde- og breiddegrader som kan fortelje kvar vi er.
Jorda er delt inn i eit mønster av lengde- og breiddegrader.
Lengdegrad – eller meridian – er den eine av to aksar i koordinatsystemet til jorda. Lengdegradene går frå Nordpolen til Sydpolen.
Lengdegradene deler jorda i to halvkuler. Vi kallar desse den austlege og den vestlege halvkula. Kvar av desse halvkulene blir delte inn i 180 lengdegrader. Jorda er derfor delt inn i 360 lengdegrader, akkurat som ein sirkel.
Den andre aksen blir kalla breiddegrad. Breiddegradene står vinkelrett på lengdegradene. Avstanden mellom breiddegradene er omtrent 111 km.
Den lengste breiddegrada er ekvator. Ho går rundt midten av jordkloden. Alle andre breiddegrader er kortare enn ekvator. Kan du tenkje deg kvifor lengdegradene er like lange, medan breiddegradene har ulik storleik?
Ekvator delar jorda inn i to halvdelar: den nordlege og den sørlege halvkula. Kvar av halvkulene er inndelte i 90 breiddegrader.