Lengde- og breiddegrader
Men det er ikkje alltid du har ei gateadresse. Kanskje er du på havet, i skogen eller på fjellet. Då må du kunne angi litt meir nøyaktig enn ved å seie “på havet”, “på fjellet” eller “i skogen”.
Her brukar vi koordinatar i form av lengde- og breiddegrader. Desse koordinatane beskriv kvar vi er.
Jorda er delt inn i eit mønster av lengde- og breiddegrader.
Lengdegrad – eller meridian – er den eine av to aksar i koordinatsystemet til jorda. Lengdegradene går frå Nordpolen til Sydpolen.
Lengdegradene delar jorda i to halvkuler. Vi kallar desse den austlege og den vestlege halvkula. Kvar av desse halvkulene blir delt inn i 180 lengdegrader. Jorda er derfor delt inn i 360 lengdegrader, akkurat som ein sirkel.
Den andre aksa blir kalla breiddegrad. Breiddegradene står vinkelrett på lengdegradene.
Den lengste breiddegrada er ekvator. Ho går rundt midten av jordkloden. Alle andre breiddegrader er kortare enn ekvator. Kan du tenkje deg kvifor lengdegradene er like lange, medan breiddegradene har ulik storleik?