Historieforteljing
Historieforteljing er kanskje den viktigaste oppfinninga i menneskets historie. Det at vi fortel om våre eigne erfaringar, kjensler og idear, er limet som held oss saman som samfunn. Historier hjelper oss også å forstå fortida og førebu oss på framtida.
Vi finn forteljingar overalt: måla på holeveggar, hogne inn i gamle steintavler, fortalde frå ein generasjon til den neste som song og dans. Dette finn vi ikkje hos andre dyr. Mennesket har ein unik eigenskap – vi kan dele tankane våre opp i ord, som vi kan stokke om og setje saman til noko nytt. Apar kan lære teiknspråk, men dei kan ikkje fortelje historier.
Den lengste setninga ein sjimpanse som heitte Nim, klarte å setje saman var: «Gi appelsin meg gi ete appelsin meg ete appelsin gi meg ete du.» Evna vår til å fortelje historier skil oss frå andre dyr, og det er ein av løyndomane bak suksessen vår. Det gjer at vi kan formidle kunnskap og kultur frå person til person, frå stad til stad og frå generasjon til generasjon.