Kva er retorikk?
Har du nokon gong høyrt om han som klarte å selja sand i Sahara? Eller han som selde is på Nordpolen? I Noreg har vi det reinaste vatnet i springen, likevel kjøper vi millionar av liter med vatn på flaske kvart år. Kva i all verda er det som overtyder oss om at det er ein god idé?
Kunsten å overtyda
Det er mange grunnar til at du blir overtydd om at noko er riktig eller viktig. Den viktigaste grunnen er kanskje språket. Det er ikkje noko du tenkjer over, men språket – både orda, og måten det blir snakka på – påverkar deg. Denne måten bevisst å bruka språket på for å overtyda, kallar vi retorikk. Det er ein gammal kunst, men er kanskje endå viktigare i dag enn det var for 2000 år sidan. Det geniale er at gjennom enkle grep så kan alle bli gode retorikarar – du òg.
Kva er retorikk?
Ordet retorikk kjem frå gresk og betyr «talekunst». I dag blir det brukt om kunsten å overtyda. Retorikken oppstod i Hellas for meir enn 2000 år sidan, og ein av dei første som skreiv om retorikk, var filosofen Aristoteles. For han var retorikk om å få fram kva ei sak handla om, før ein bestemte seg for om ein var einig eller ikkje. Det handla om å presentera, grunngi og argumentera for å overtyda mottakarane. Aristoteles delte retorikk i fem ulike delar for å laga ein god tale, og tre ulike måtar å overtyda på.
Tre bevis
Når du skal bruka retorikk i din eigen tekst, eller når du skal finna ut korleis andre prøver å overtyda deg, skal du leita etter desse tre bevisa: etos, patos og logos. Desse tre prøver på kvar sin måte å appellera eller treffa målgruppa. Skal du verkeleg klara å påverka nokon, så må du snakka til heile mennesket: til hovudet, hjartet og hendene.
Etos – å vera truverdig
Somme menneske er naturleg truverdige fordi dei er personar med makt, eller fordi dei er ekspertar på noko. Ein kan òg verka truverdig viss ein har brukt gode kjelder. Aristoteles meinte at det som styrkar etos, er kor smart du verkar, kor truverdig du er, og kor ærleg du verkar. Etos er viktig for forskarar, for politikarar, for lærarar og for Sensodyne, som vil selja deg tannkrem.
Denne informasjonsfilmen er eit godt døme på bruk av etos. Legg merke til avsendar av videoen.
Patos – å snakka til hjartet
Ja, du skal vera truverdig, men du skal òg vera menneskeleg. Patos handlar om å vekka kjensler hos mottakaren, slik at mottakaren gjer det du vil at dei skal gjera. Dette er viktig både for ein general som skal senda soldatar ut i krig, organisasjonar som samlar inn pengar, politikarar som vil samla stemmer, og for Freia, som vil selja deg sjokolade.
Her har vi eit reklamedøme som prøver å vekka kjenslene dine.
Logos – aha, det er fornuftig!
Logos snakkar til hovudet til mottakaren og vil at dei skal tenka at argumenta er fornuftige, logiske og sannsynlege. Her kan ein bruka statistikk, forskingsresultat eller appellera til sunn fornuft. Logos er viktig for forskarar som skal presentera nye funn, organisasjonar som treng pengar, eller politikarar som sankar stemmer.
At alt ein gjer blir betre med musikk – det er vel ein logisk påstand?
Kvar møter ein retorikk i dag?
Det viktigaste er kanskje dei politiske talane. For å samla veljarar så er det utruleg viktig at folket trur på deg, stoler på deg og føler for sakene dine. For ein organisasjon eller ein person som brenn for ei sak, er dette òg viktig. Nokre talar blir ståande igjen som spesielt gode.
Kjelder:
- Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Jan: retorikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. oktober 2020 frå https://snl.no/retorikk
- Kidcourses (07.10.2020): Aristotle & Rhetoric
https://kidcourses.com/aristotle-rhetoric/
- Literary terms (07.10.2020): Rhetoric
https://literaryterms.net/rhetoric/
- Forskning.no (07.10.2020): Rhetoric
https://forskning.no/skole-og-utdanning-sprak-universitetet-i-oslo/derfor-bor-elever-mestre-retorikk/350768
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Sensodyne NO – YouTube
-
Getty Images / Talkmore – YouTube
-
Getty Images / Telia Norge – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
European Parliament (CC BY 2.0)
-