Kva er retorikk?
Har du nokon gong høyrt om han som klarte å selja sand i Sahara? Eller han som selde is på Nordpolen? I Noreg har vi det reinaste vatnet i springen, likevel kjøper vi millionar av liter med vatn på flaske kvart år. Kva i all verda er det som overtyder oss om at det er ein god idé?
Kunsten å overtyda
Orda nokon bruker. Måten nokon seier noko på. Dette er to måtar å påverka deg på. Vi kallar det retorikk. Det er ein 2000 år gammal kunst som alle kan bruka. Du òg!
Kva er retorikk?
Retorikk kjem frå Hellas. Det betyr talekunst. I dag bruker vi det om korleis ein kan overtyda andre. Filosofen Aristoteles sa at det handla om å høyra nokon fortelja om ei sak før ein bestemmer seg for om ein er einig. Det er fem punkt som er viktige for å skriva ein god tale. Og det er tre ulike måtar å prøva å overtyda på.
Tre bevis
For å overtyda nokon må du snakka til hovudet, til hjartet og til hendene. Dette kallar vi etos, patos og logos. Dette kan du bruka i tekstane dine. Du kan òg bruka det for å finna ut korleis andre prøver å overtyda deg om noko.
Etos – å vera truverdig
Det er lett å tru på menneske med makt. På menneske som er ekspertar på noko. På gode kjelder. Aristoteles meinte at etos handlar om kor smart du verkar, om du verkar som ein vi kan stola på, og kor ærleg du verkar. Etos er viktig for lærarar og politikarar.
Denne informasjonsfilmen er eit godt døme på bruk av etos. Legg merke til avsendar av videoen.
Patos – å snakka til hjartet
Du må verka menneskeleg. Patos handlar om å få dei som høyrer deg, til å føla noko. Viss du klarer dette, så vil dei gjera det du vil at dei skal gjera. Dette er viktig for ein general som skal senda soldatar ut i krig, organisasjonar som vil samla inn pengar, og politikarar som vil at du skal stemma på dei.
Her har vi eit reklamedøme som prøver å vekka kjenslene dine.
Logos – aha! Det høyrest lurt ut!
Logos handlar om at det verkar lurt, fornuftig og sannsynleg. Her kan ein bruka tal eller andre ekspertar. Logos er viktig for forskarar, organisasjonar som vil samla inn pengar, og politikarar som vil at du skal stemma på dei.
At alt ein gjer blir betre med musikk – det er vel ein logisk påstand?
Kvar møter ein retorikk i dag?
Når ein politikar fortel oss noko. Eller når ein organisasjon eller ein person verkeleg brenn for ei sak. Desse bruker retorikk for at du skal lytta til dei. Dei vil at du skal tru på dei og støtta dei. Nokre av talane blir hugsa lenge fordi dei var spesielt gode.
Kjelder:
- Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Jan: retorikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. oktober 2020 frå https://snl.no/retorikk
- Kidcourses (07.10.2020): Aristotle & Rhetoric
https://kidcourses.com/aristotle-rhetoric/
- Literary terms (07.10.2020): Rhetoric
https://literaryterms.net/rhetoric/
- Forskning.no (07.10.2020): Rhetoric
https://forskning.no/skole-og-utdanning-sprak-universitetet-i-oslo/derfor-bor-elever-mestre-retorikk/350768
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Sensodyne NO – YouTube
-
Getty Images / Talkmore – YouTube
-
Getty Images / Telia Norge – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
European Parliament (CC BY 2.0)
-