Kva er NATO?

NATO dukkar stadig opp i nyheitene når det er snakk om krigar og konfliktar verda over, men kva er eigentleg denne organisasjonen, kven er med, og kva for nokre oppgåver har organisasjonen?

Accessibility icon Kva er NATO?

Her signerer Noregs utanriksminister den viktige avtalen …

… og sidan denne augneblinken, den 4. april 1949, har Noreg vore medlem av NATO.

Men kva er eigentleg NATO?

Utenriksminister Halvard Lange signerer Atlanterhavspakten på vegne av Norge

Kvifor vart NATO oppretta?

Etter andre verdskrigen hadde mange land eit stort behov for meir internasjonalt samarbeid, slik at ein kunne unngå nye, øydeleggjande krigar.

Verda hadde også sett konsekvensane av atomvåpen etter at USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki.

I tillegg frykta mange at mektige, kommunistiske Sovjetunionen skulle prøve å utvide seg til fleire land.

Dette førte til at 12 vestlege land, inkludert Noreg, gjekk saman om å opprette ein forsvarsallianse, og den 4. april 1949 skreiv dei under på Atlanterhavspakta. Denne avtalen forpliktar alle NATO-landa å følgje.

Det viktigaste i Atlanterhavspakta er artikkel 5. Der står det:

«Eit væpna angrep mot éin eller fleire av dei tilslutta statane skal betraktast som eit angrep mot dei alle».

Dette betyr at viss til dømes Noreg blir angripe, vil alle dei andre NATO-landa hjelpe Noreg.

Fleire land har slutta seg til pakta, og inkludert Finland som vart innlemma 4. april 2023 og Sverige som vart innlemma 7. mars 2024, består NATO av 32 medlemsland. Ukraina ønskjer seg også NATO-medlemskap.

Flaggene til Natos medlemsland

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.

Kva er NATO i dag?

NATO er framleis ein forsvarsorganisasjon og ein viktig del av sikkerheitspolitikken i Vesten. Hovudkvarteret ligg i Brussel i Belgia, og organisasjonen består hovudsakleg av to delar: Det nordatlantiske rådet og Militærkomiteen.

Det nordatlantiske rådet

Her møtest alle medlemslanda for å diskutere sikkerheitspolitikk. I rådet er det mange grupper som er ekspertar på ulike sikkerheitspolitiske spørsmål rundt diplomati, sikkerheitstruslar og atomvåpen.

Militærkomiteen

Her sit forsvarssjefane frå kvart av medlemslanda. Dei gir militære råd til Det nordatlantiske rådet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Natos møterom i Brussel
Natos møterom i Brussel

Korleis fungerer NATO?

Den mest sentrale artikkelen i NATO er artikkel 5. Han seier at medlemslanda må hjelpe kvarandre politisk og militært viss ein blir angripen.

Samtidig skal NATO jobbe for å beskytte folk, forme partnarskap, bekjempe nye truslar og byggje fred og stabilitet.

Alle avgjerder i NATO blir til ved at alle medlemslanda blir samde. Er til dømes Noreg og Danmark usamde om noko, må dei finne fram til ei semje før NATO kan komme til ei klar og tydeleg avgjerd.

Ein av årsakene til at alle medlemslanda må vere samde, er at NATO har få eigne militære styrkar. NATO-alliansen består av dei samla militære styrkane til medlemslanda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrkiske soldater under en Nato-øvelse
Tyrkiske soldater under en Nato-øvelse

NATO-involvering i krig

NATO har ikkje delteke i mange krigar, men det er to krigar som skil seg ut gjennom historia: Kosovokrigen og krigen i Afghanistan.

Kosovokrigen i 1999

I det tidligare Jugoslavia ønskte Serbia at Kosovo skulle vere ein del av den serbiske staten, men det ønskte ikkje befolkninga i Kosovo.

Resultatet vart at Serbia gjekk til militært angrep mot Kosovo. Dette gjekk spesielt hardt ut over kosovoalbanarane, som er ei av folkegruppene i Kosovo.

FN og NATO gjekk derfor inn for å stoppe angrepet til Serbia og undertrykking av kosovoalbanarar.

Afghanistan

Bruk av artikkel 5 har berre skjedd éin gong i historia til NATO. Den 11. september 2001 vart USA angripe av terrororganisasjonen al-Qaida som held til i Afghanistan. NATO gjekk derfor til angrep på Afghanistan med godkjenning frå FN.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Soldater i skogen under Kosovo-krigen i 1999
Soldater i skogen under Kosovo-krigen i 1999

Ny situasjon i Europa

Då Russland gjekk til angrep på Ukraina, forandra tryggleiks- og forsvarspolitikken i Europa seg.

Krigen har skadd forholdet mellom Russland og *derers naboar som lurer på om dei også kan bli angripne.

Sverige og Finland har ikkje vore medlem av NATO før, men då Russland angreip Ukraina, ombestemde svenske og finske politikarar seg raskt.

Både Finland og Sverige bestemde seg for å søkja om å bli medlemmer i NATO, og 18. mai, 2022, leverte dei søknad samtidig.

Då Stoltenberg fekk søknadene frå Finland og Sverige, beskreiv han augneblinken som «historisk».

Han sa at NATOs dør står open for alle land som vil bidra til vår felles tryggleik».

📷 Sverige og Finland leverte søknaden sin samtidig. Her ser me Finlands og Sveriges utanriksministere og NATOs generalsekretær.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde

Kva tenkjer norske politikarar?

I Noreg er det semje mellom dei to største partia Arbeidarpartiet og Høgre, om at Noreg skal vera medlem av NATO.

SV og partiet Raudt har tidlegare vore negative til NATO. Det er fordi dei ønskjer at Noreg skal vera meir uavhengig av USA, og fordi dei meiner at krig ikkje er den rette løysinga for å skapa fred og stabilitet i verda.

SV er ikkje så negative til NATO lengre, no som Finland og Sverige ønskjer å vera medlemmer.

📷  Kong Harald og NATOs generalsekretær, Jens Stoltenberg, følgjer med under ein demonstrasjon av jagarflyet F-35 Joint Strike Fighter.
Kong Harald og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg følger med under en demonstrasjon av jagerflyet F-35 Joint Strike Fighter
Kong Harald og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg følger med under en demonstrasjon av jagerflyet F-35 Joint Strike Fighter

Kjelder:

  • Cooper, Camilla Guldahl: NATO i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. mars 2022 frå https://snl.no/NATO

Bilde- og videorettar:

    1. NATO
    2. NATO / NATO – YouTube
    3. NATO
    4. NATO
    5. Getty Images
    6. NATO
    7. NATO