CHRISTINA SNAKKAR OM IDENTITET:
Kjønn er meir enn gut eller jente
Sjå for deg dette: Eit nyfødt barn og stolte foreldre. Hyggelege meldingar og gratulasjonar. På desse står det eit «hurra» følgt av «nydeleg jente» eller «flott gut». På bordet er det rosa eller blå kort og gåver. Slik vi er vande til å skilje mellom kjønn.
Kva er eigentleg kjønnsidentitet?
Kjønnsidentitet. Kva er det? Det er kven du er inni deg, korleis du ser på deg sjølv, og korleis du ønskjer at andre ser deg. Etter fødselen blir alle registrerte som anten jente eller gut. Det er riktig for mange. Men for nokon stemmer det ikkje.
Rosa og lyseblå babypynt.
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.
Gamle kjønnsroller heng igjen
No kjem to vanskelege ord. Det første er kjønnsrolle. Vi deler opp ordet i kjønn og rolle. Altså den rolla ein får som gut eller jente. Med kjønnsnorm meiner vi det vi trur er «vanleg» for gutar og jenter å gjere. Det kan vere vanskeleg å bryte med både roller og normer! Heldigvis går verda framover! Her er nokre døme på det:
- Homofili var straffbart i Noreg fram til 1972.
- Før 1910 hadde ikkje kvinner stemmerett i Noreg.
Kvifor trur du det var slik?
Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.
Endring tar tid
Mange normer og uskrivne reglar om kjønn heng framleis igjen i samfunnet. Det kan til dømes vere korleis vi skal kle oss eller oppføre oss. Viss vi berre godtek dette, bevegar vi oss aldri framover.
Ulike buttons med logo og farger.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
Vil du snakke med nokon?
Lurer du på noko meir om kjønnsidentitet? Kjennest kjønnet du er fødd med, ikkje rett? Snakk med nokon du stolar på om det.
Ung.no har laga ei liste med folk du kan snakke med. Du kan vere anonym. Og det er heilt gratis. ❤️
Skrive av Christina Fraas
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Christina Fraas?
Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan leve meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for sitt bidrag i kampen for rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.
Kjelder:
- Lovdata.no (hentedato: 10.01.2023): Lov om endring av juridisk kjønn
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2016-06-17-46
- Kvinnehistorie.no (hentedato: 23.12.2022): Tidslinje: Viktige årstall i kvinnehistorien
https://www.kvinnehistorie.no/tidslinje
- Esben Esther Pirelli Benestad: Homofili i Store norske leksikon på snl.no
Henta 23.12.2022 frå https://sml.snl.no/homofili