CHRISTINA SNAKKAR OM IDENTITET:
Kjønn er meir enn gut eller jente
Sjå for deg eit par stolte foreldre. Dei har nettopp fått barn. Dei får meldingar på mobilen og fine kort. Der står det «gratulerer med ei nydeleg jente» eller «hurra for ein flott gut». Kanskje verkar det heilt normalt med fargane på korta og ballongane? Rosa til ein jentebaby og blå til eit gutebarn. Det er jo slik vi er vande med å skilje mellom kjønn.
Kva er eigentleg kjønnsidentitet?
Ved fødselen blir dei fleste registrerte som jente eller gut. Men kva er kjønnsidentitet? For å forstå det må vi skilje mellom kjønnsorgan og identitet. Identiteten din er mykje meir enn det du har i trusa!
Kjønnsidentitet handlar om kven du er på innsida, korleis du ser på deg sjølv, og korleis du ønskjer å bli oppfatta av andre. For veldig mange passar kjønnsidentiteten med det kjønnet dei fekk ved fødselen. Men det gjeld ikkje alle.
Rosa og lyseblå babypynt.
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.
Gamle kjønnsroller heng igjen
Dei mange forventingane til kjønnet handlar mest om kjønnsroller. Det som lenge blir sett på som «vanleg», blir til kjønnsnormer. Dei kan det vere vanskeleg å bryte med. Heldigvis går verda framover! Her er nokre døme det:
- Fram til 1972 var det straffbart å vere homofil i Noreg.
- Før 1910 hadde ikkje kvinner stemmerett som menn i Noreg.
Kvifor trur du det var slik?
Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.
Endring tar tid
Mange normer og uskrivne reglar om kjønn heng framleis igjen i samfunnet. Korleis vi skal kle oss og oppføre oss. «Sånn skal det vere, for sånn har det alltid vore». Viss vi hadde godteke det, hadde vi aldri bevega oss framover.
Ulike buttons med logo og farger.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
Vil du snakke med nokon?
Kjenner du at kjønnet du vart fødd med, ikkje kjennest rett? Lurer du på andre ting om kjønnsidentitet? Då kan det vere fint å snakke med ein du stolar på.
Treng du nokon å snakke med? ung.no har samla ei liste over gratis chat og telefontenester der du kan ta kontakt. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting. ❤️
Skrive av Christina Fraas
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Christina Fraas?
Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan leve meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for sitt bidrag i kampen om rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.
Kjelder:
- Lovdata.no (hentedato: 10.01.2023): Lov om endring av juridisk kjønn
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2016-06-17-46
- Kvinnehistorie.no (hentedato: 23.12.2022): Tidslinje: Viktige årstall i kvinnehistorien
https://www.kvinnehistorie.no/tidslinje
- Esben Esther Pirelli Benestad: Homofili i Store norske leksikon på snl.no
Henta 23.12.2022 frå https://sml.snl.no/homofili