Kva er grønvasking?
«Miljøvennleg», «berekraftig», «etisk» og «klimanøytral» er ord som blir klistra på alt frå tannbørstar til bilar. Vi vil jo gjerne ta berekraftige val når vi handlar. Men det er ikkje alltid påstandane om berekraft held det dei lovar.
Kjøp med god samvit?
Tenk deg at du finn ei bukse du får sjukt lyst på. Ho er perfekt. Du tenkjer at ho vil gjere deg lykkeleg. Samtidig veit du at du har åtte andre bukser i skapet, og at dette kjøpet er skadeleg for miljøet og for verdas fattige. Men sjå, buksa er merkt med «økologisk og etisk framstilt bomull». Då er det vel ikkje noko problem?
Jente som sitter i sofaen og holder en jeans hun har pakket opp og kjøpt på nettet
Flere klær som henger på en stang og en lapp som leser 100% organisk
Klede
FN seier at det berre er oljebransjen som slår klesindustrien når det gjeld utslepp. I tillegg kjem andre miljøproblem som utslepp av mikrofiber og giftstoff. Såkalla «fast fashion» eller «rask mote» er ein klimaversting.
Samtidig kan det verke som bransjen har teke grep, og mange klede er no merka med «miljøvennleg» eller «berekraftig». Dessverre er dette ofte mest eit forsøk på å få forbrukarane til å kjøpe meir klede utan få dårleg samvit.
Masse fargerike klær på stativ og liggende på gulvet
Hurtigmat
Hurtigmatkjedene er ei stor kjelde til søppel i naturen. All pappen og plasten blir liggande som triste spor i grøftekantar og på fortau nærast overalt. Plast i havet er eit kjent problem. Nokre burgar-kjeder merka raskt at dette er noko kundane er opptekne av, og bestemte seg for å slutte med plastsugerøyr. Det gjorde dei altså før slike eingongsprodukt faktisk vart forbodne. Dette er eit skritt framover, men det er likevel framleis mykje som kan gjerast betre.
Engangskrus med lokk og sugerør som ligger på bakken
Kjøtt
For ei stund sidan vart det oppdaga at svinekjøttprodusentar i Noreg selde svinekjøtt av grisar som vart dårleg behandla. Bilde av grisar som hadde det vondt, gjorde mange sinte. Etterpå begynte produsentane å forsikre oss om at dyra har «hatt det bra», utan å nemne noko om kva dei gjorde for å rydde opp. Det blir ei form for grønvasking, fordi produsentane spelte på ønsket vårt om at dyra skal ha eit verdig og godt liv.
Fire griser som kikker ut bak et gjerde
Fly
Fly står for det aller største utsleppet av klimagassar. Billige reiser med fly er ei viktig årsak til dette. Når flyselskap som sel billige flyreiser, reklamerer med at dei er klimavennlege og «grøne», blir det altså vanskeleg å ta dei alvorleg. Her speler dei på det dårlege samvitet vårt, og det er eit klassisk døme på grønvasking.
Passasjerfly som tar av i solnedgang
Oljeplatform med vindmøller rundt
Mange gjer mykje bra
Sjølv om grønvasking er eit problem, er det òg mange som faktisk bidreg til det grøne skiftet. Dei som lagar klede, har til dømes begynt å fokusere mykje meir på gjenbruk og klimavennlege stoff. Hurtigmatkjeder har bytt ut plastsugerøyra med pappsugerøyr – eit viktig framsteg når vi tenkjer på kor mange av desse som endar i naturen. Mange av desse endringane har skjedd på grunn av nye lover og føreskrifter. Klima og berekraft påverkar korleis vi oppfører oss som forbrukarar.
Mange papirsugerør i et glass
Grønn hånd som holder et tre ved tørr jord og trestubber
Kjelder:
- Forbrukertilsynet (23. august 2021): Fra «grønnvasking» til konkret og riktig informasjon om bærekraft
https://www.forbrukertilsynet.no/fra-gronnvasking-til-konkret-og-riktig-informasjon-om-baerekraft
- FN-sambandet (24. august 2021): FNs rapport: En alarm for menneskeheten.
https://www.fn.no/nyheter/fns-klimarapport-en-alarm-for-menneskeheten
- Framtiden i våre hender (24. august 2021): Klimagassutslippet fra ulike reisemåter.
https://www.framtiden.no/gronne-tips/reise-og-transport/klimagassutslippet-fra-ulike-reisemater.html
- Harvest Magazine (24. august 2021): Statens største grønnvasker.
https://www.harvestmagazine.no/artikkel/statens-storste-gronnvasker
- Dagens Næringsliv (25. oktober 2021): Grønnvasking av olje.
https://www.dn.no/innlegg/gronnvasking-av-olje/2-1-1074979
- Equinor (25. oktober 2021): Johan Sverdrup fortsetter å øke produksjonen.
https://www.equinor.com/no/what-we-do/johan-sverdrup.html
- VG (24. august 2021): Mener store kjeder driver med grønnvasking.
https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/QoQxaP/mener-store-kleskjeder-driver-med-groennvasking
- Dagbladet (25. oktober 2021): Klagestorm mot McDonald’s: – Smaker papp.
https://www.dagbladet.no/mat/klagestorm-mot-mcdonalds—smaker-papp/71015152
- Nettavisen (25. oktober 2021): Disse produktene blir forbudt – McDonald’s tar dramatisk grep.
https://www.nettavisen.no/okonomi/disse-produktene-blir-forbudt-mcdonald-s-tar-dramatisk-grep/s/12-95-3424146130
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
FN-sambandet Norge – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
UNICEF Norge – YouTube
-