Vêr og klima
Vêret er korleis temperatur, vind og nedbør er akkurat no. Klima er korleis vêret har vore over lengre tid.
Men kva er eigentleg godt og dårleg vêr? Det kjem an på kvar enkelt av oss. Nokon liker regn, medan andre liker sol. Nokon elskar snø, medan andre føretrekkjer sol og varme på ei badestrand. Uansett så får vi ikkje gjort noko med vêret.
Nedbør
All nedbør er vatn og kjem som regn, snø, sludd og hagl. Om nedbøren kjem som regn eller snø, avheng av temperaturen.
Når varm luft stig og møter kaldare luft, kan det òg bli torevêr. Då vil elektriske ladningar som oppstår, utløyse lyn.
Lyn over byen St. George
Kjelder:
- Seter, Kristin: vær i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/vær
- Dannevig, Petter: strøm – havstrøm i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/strøm
- Pedersen, Bjørn: temperatur i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/temperatur
- Harstveit, Knut; Sivle, Anders Doksæter; Evans, Anna Kathinka Dalland: lufttrykk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/lufttrykk
- tordenvær i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/tordenvær
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-