Kva er “godt vêr”?

Korleis påverkar vêret naturen og oss menneske?

Accessibility icon Kva er “godt vêr”?

Vêr og klima

Når vi snakker om vêret, meiner vi gjerne korleis temperatur, vind og nedbør er akkurat no. Viss vi tenkjer oss korleis vêret har vore over ein lang tidsperiode, snakkar vi om klima.

Men kva er eigentleg godt og tenleg vêr? Det kjem an på kvar enkelt av oss. Nokon liker regn, medan andre liker sol. Nokon elskar snø og minusgrader, medan andre føretrekkjer sol og varme på ei badestrand. Uansett kva slags vêr vi liker eller ikkje, så er det ikkje så mykje vi får gjort med vêret. Det kjem i den forma det sjølv vil.

Temperatur

Kanskje har du opplevd at nokon seier det er varmt, samtidig som du synest det er kaldt? Vi oppfattar temperatur ulikt, men for å kunne fortelje kor varmt eller kaldt det faktisk er, bruker vi eit termometer for å måle temperaturen.

Temperaturen varierer veldig på jorda. I enkelte område er det veldig varmt, medan det i andre område er veldig kaldt. Temperaturen varierer òg mellom årstidene; det er varmare om sommaren og kaldare om vinteren.

Dei som bur i områda rundt ekvator, har det varmare enn dei som bur andre stader på jorda. Ekvator er ei tenkt linje som går rundt midten av jordkloden.

I Noreg er det varmare om sommaren enn om vinteren. Det er fordi vår del av jordkloden er nærmare sola om sommaren enn om vinteren.

Det er ikkje berre sola som avgjer temperaturen på jorda. Skyer held betre på varmen. Du kan tenkje deg at dei fungerer omtrent som eit lokk over ein kjele med kokande vatn.

Havstraumar

Havstraumar fører med seg varmt vatn mot kaldare område. Ein slik havstraum er Golfstraumen. Han fører med seg varmt vatn frå Mexicogolfen opp mot Noreg, og gjer klimaet vårt mildare enn det ville ha vore utan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Vind, høgtrykk og lågtrykk

Luftlaget rundt oss bevegar seg, og vi kallar dette for vind. Vinden kan vere så sterk at han riv tak av hus og flyttar bilar. Den aller sterkaste vinden blir kalla for orkan. Vinden kan òg vere så svak at knapt eit strå bevegar seg. Då seier vi at det er vindstille.

Lufta veg noko

Sjølv om vi ikkje merkar det, så veg lufta noko. Varm luft er lettare enn kald luft, og ho stig derfor til vêrs. Det kan du undersøkje viss du måler temperatur ved golvet og taket i eit rom. Då vil du sjå at det alltid er varmare oppunder taket enn ved golvet.

Fordi varm luft stig og kald luft søkk, får vi vind fordi lufta flyttar seg rundt.

Høgtrykk og lågtrykk

Viss vi har mykje kald luft, blir det kalla for eit høgtrykk. Då får vi ofte pent vêr.

Når det er mykje varm luft, blir det kalla for eit lågtrykk. Då får vi ofte dårleg vêr.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nedbør

Nedbør er eit samleomgrep på regn, snø, sludd og hagl, og all nedbør består av vatn. Om nedbøren kjem som regn eller snø, avheng av temperaturen. Varm luft kan ta imot meir vassdamp enn kald luft. Når den varme lufta stig og blir avkjølt, ser vi vassdampen som skyer på himmelen.

Når varm luft stig og møter kaldare luft, kan det òg bli torevêr. Då vil elektriske ladningar som oppstår, utløyse lyn.

Lyn over byen St. George
Lyn over byen St. George

Kjelder:

  • Seter, Kristin: vær i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/vær
  • Dannevig, Petter: strøm – havstrøm i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/strøm
  • Pedersen, Bjørn: temperatur i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/temperatur
  • Harstveit, Knut; Sivle, Anders Doksæter; Evans, Anna Kathinka Dalland: lufttrykk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/lufttrykk

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images