Kva er eit ekkokammer?

Ropar du inne i ein tunnel, høyrer du ekko. Tunnelveggane kastar ordet tilbake til deg. Eit ekkokammer er òg slik. Du høyrer berre det du forventar å høyre utan diskusjon med dei som har andre synspunkt. Men er det farleg, då?

Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.
Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.

Internett hugsar deg

Når du søkjer på internett, er det litt som ekkoet. Alle opplysningar du gir frå deg, kjem tilbake i form av personaliserte søketreff. Søkjemotoren viser deg ofte innhald han trur matchar deg, og ikkje ting som påverkar deg til å tru noko anna.

Pop-up- annonsar

Internett er fullt av reklame. Det «poppar» opp når du søkjer. Det matchar interessene dine og kjøpsvanar på nettet. Internett «hugsar» tidlegare kjøp, og det prøver å lokke deg til å kjøpe meir.

Cookies

Cookies er informasjonskapslar. Dei lagrar detaljane når du loggar inn. Staden du er på, og nettsider du søkjer, blir registrerte. Når du surfar på nettet neste gong, blir på ein måte informasjonen kasta tilbake til deg. Kvifor heiter det cookies, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!