Moral

Moral handlar om korleis vi tenkjer når vi tek avgjerder. Men tek vi avgjerder baserte på dei same grunnleggjande haldningane, eller har vi ulike haldningar som vi legg til grunn?

Kva den enkelte oppfattar som moralsk eller ikkje, kan derfor vere svært ulikt.

Moralske valg
Moralske valg

Grunnleggjande haldningar

Grunnleggjande haldningar kan handle om kva vi ser på som skadeleg, eller kva det betyr å vise omsorg. Det handlar om medkjensle, og om kva vi føler og tenkjer om dei som skadar andre.

Ei anna grunnleggjande haldning kan vera oppfatninga av rettferd. Å bli behandla rettferdig handlar òg om at vi må få lov til å arbeide og tenkje sjølvstendig i full fridom.

Lojalitet blir ofte oppfatta som ei grunnleggjande haldning. Det handlar om evna til å danne store, organiserte grupper av menneske som ikkje er i slekt. Her deler ein dei same oppfatningane som oppofring og patriotisme, ofte basert på gruppetenking.

Kva vi ser på som legitime autoritetar, er òg grunnleggjande for kva vi meiner er moralsk. I Noreg meiner vi nok stort sett at politiet er ein legitim autoritet og at regjeringa òg er det. Slik er det ikkje i alle andre land.

Kva vi oppfattar som bra eller dårleg for kropp og sjel, har betydning for moralen vår. Nokre kosar seg i sofaen med TV-seriar, medan andre er opptekne av kosthald og trening.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Grunnleggende holdninger
Grunnleggende holdninger

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!