Grunnleggjande haldningar
Grunnleggjande haldningar er meir enn berre tankane våre. Ein tanke kan brått forandrast. Ei haldning sit djupare i hjartet. Det kan handle om korleis vi oppfører oss mot andre.
Ei grunnleggjande haldning kan vere rettferd. Klarer vi å behandle alle folk rettferdig sjølv om vi er ulike?
Lojalitet er ei anna grunnleggjande haldning. Å vere lojal handlar ofte om å støtte dei næraste vi har. Vi er lojale mot familien og venner. Men vi kan òg vere lojale mot ein fotballklubb eller eit politisk parti. Vi står saman uansett.
Kva vi ser på som legitime autoritetar, er òg grunnleggjande for kva vi meiner er moralsk. I Noreg meiner vi nok stort sett at politiet og regjeringa er legitime autoritetar. Slik er det ikkje i alle andre land.
Kva oppfattar vi som bra eller dårleg for kropp og sjel? Dette har betydning for moralen vår. Nokre kosar seg i sofaen med TV-seriar og godteri, medan andre er opptekne av kosthald og trening.