Strandrydding
Bakgrunnen
Omgrepet berekraftig utvikling vart først brukt av FN i rapporten «Vår felles framtid» frå 1987. Rapporten kom med løysingar på både fattigdoms- og miljøproblem. Arbeidet vart leidd av tidlegare statsminister i Noreg, Gro Harlem Brundtland.
Tre hovudområde
For å skape berekraftig utvikling må samfunnet jobbe på tre område:
- Klima og miljø
- Økonomi
- Sosiale forhold
Leiarane i verda er samde om at klimaet blir påverka av økonomi og urettferdig fordeling av ressursar. Vi kan ikkje halde fram med å bruke opp kloden vår. Derfor må vi finne løysingar som ikkje overbelastar miljøet. Vi må òg finne betre måtar å fordele ressursane på. Det er berekraftig både for menneske og miljøet.
Hvit FN-bakgrunn
Oversvømmelse
Fattig og rik
Utdanning for jenter
Noreg og berekraftsmåla
Noreg bidrog mykje då FN vedtok berekraftsmåla i 2015. Sommaren 2021 kom regjeringa med ein plan for å nå berekraftsmåla innan 2030. Her kan vi lese at rike Noreg har oppfylt mange av måla. Det står òg at dei viktigaste kjeldene til utslepp av klimagassar i Noreg er olje- og gassutvinning.
Men samtidig er det ingen konkrete planar om å slutte å hente ut olje og gass.
Hvit FN-bakgrunn
Alle har eit ansvar
Dei 17 berekraftsmåla gir håp for framtida. Menneske har ei unik evne til å samarbeide og finne løysingar saman. Det treng vi, for vi står overfor vår tids største utfordringar.
Kjelder:
- FN-sambandet (26. august 2021): Bærekraftig utvikling
https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling
- FN-sambandet (26. august 2021): FNs bærekraftsmål
https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal
- FN-sambandet (27. august 2021): Norge
https://www.fn.no/Land/norge
- NRK (26. august 2021): Bærekraftsnasjon eller oljenasjon?
https://www.nrk.no/ytring/baerekraftnasjon-eller-oljenasjon_-1.15564822
- Regjeringen (26. august 2021): Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-40-20202021/id2862554/?ch=4#kap4-13
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Hei verden – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images / FN-sambandet Norge – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-