Algoritmar avgjer kva du les
Korleis trur du det er mogleg at tenester som YouTube og Facebook klarer å servere deg akkurat det du er interessert i igjen og igjen? Og korleis kan det ha seg at Google gir deg andre søkeresultat enn vennene dine, når de søkjer på akkurat dei same orda?
Svaret er algoritmar. Bak kulissane til slike tenester finst det nemleg avanserte matematiske formlar, som med hjelp av organisering av store mengder data klarer å leite seg fram til dei videoane og innlegga som kan passe for akkurat dine interesser.
Mann sitter å googler
Algoritmar er som reknestykke
Ein algoritme er i utgangspunktet berre ei fullstendig og nøyaktig oppskrift på korleis ei oppgåve skal løysast. Alt frå reglane for korleis ein deler fleirsifra tal til korleis ein reknar ut skatt, er altså eksempel på algoritmar.
På same måten er eit dataprogram eigentleg berre ein algoritme, uttrykt gjennom eit programmeringsspråk.
Regnestykker på et ark
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!