I N T E R V J U
Kva brenn du for,
Maja?
Vi har snakka med skodespelar og regissør Maja Christiansen (26), som for tida er svært aktuell med NRK-serien «Rådebank».
av Kjersti Kvam
Skuespiller Maja Christiansen fra Rådebank
Dette brenn Maja for:
Å halde fritidstilboda til barn og unge i gang!
Maja Evenshaug Christiansen som Hege i Rådebank
I tillegg kjende ho på det å høyre til, som ho tenkjer er viktig for alle menneske.
– Anten du finn det i ei teatergruppe – eller i eit rånemiljø, for den saks skuld, seier ho og siktar til miljøet «Rådebank»-karakteren hennar, Hege, fann seg til rette i.
Og den kjensla av å høyre til ein stad, å bety noko for andre og få brukt gode sider av seg sjølv, er ho meir enn normalt oppteken av. Såpass sterkt brenn ho for saka, at ho faktisk overtok ein heil teaterskule, då han var trua med nedstenging. Ho orka ikkje at ungdommane skulle miste tilbodet sitt.
📷 Maja Christiansen spelar rolla som Hege i «Rådebank», her saman med Odin Waage i rolla som GT.
Maja Evenshaug Christiansen som Hege, Odin Wage som GT, Kasper Antonsen som Nilsen i Rådebank
Skuespiller Maja Evenshaug Christiansen
I dag er teaterskulen lagd ned, i samråd med ungdommane sine eigne representantar. Men Maja er framleis stolt over innsatsen ho og medhjelparane hennar la ned, og at dei fekk skulen til å rulle i fleire år. Ho ville ha gjort det igjen, utan å mukke.
– For nokre var kanskje teaterskulen berre ein stad dei kunne ha det gøy med venner på fritida, medan for andre var det den einaste staden dei hadde venner, og den einaste staden dei opplevde meistring eller kjende at dei høyrde til, fortel Maja.
Maja Evenshaug Christiansen som Hege i Rådebank
Førebilda til Maja
– Astrid Lindgren (til venstre)! Fordi ho har talt barnas sak så til dei grader. Eg har vakse opp med bøkene og universet hennar og trur at det har vore viktig for mange fleire enn meg.
– Mamma! Fordi ho er ei grepa dame som jobbar som lærar, og ho strekkjer seg veldig langt for både elevane sine og dei som er rundt henne – og meg.
Viss Maja var 16 år i dag,
ville ho engasjert seg for …
… klimasaka! Igjen litt irriterande at det ser ut til at det er dei unge som bryr seg mest, mens det er «dei vaksne» som eigentleg sit med moglegheita til å ta grep. Men det er jo så viktig for så mykje!
I tillegg vil eg seie alt rundt mental helse. Det er så viktig, og det må mykje meir inn i undervisninga i skulen enn det er i dag!
Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for!
Bilde- og videorettar:
-
-
Mia Hakalahti Eilertsen
-
Max Emanuelson / Fenomen / NRK
-
Max Emanuelson / Fenomen / NRK
-
Skolerom
-
Mina Ræge
-
Faksimile fra Lierposten 13.09.2018
-
Getty Images
-
Max Emanuelson / Fenomen / NRK
-
Ukjent
-
Skolerom
-