I N T E R V J U
Kva brenn
du for, Lavrans?
Vi har snakka med den unge kunstnaren Lavrans Borgen (19) om kva han er mest oppteken av.
av Caroline Korsvoll
Kunstner Lavrans Borgen
Dette brenn eg for:
Kunst!
Angst, uro og prestasjonsjag førte til at Lavrans Borgen la fotballkarrieren på hylla. Kunsten vart redninga. No gjer Lavrans stor suksess, og han håpar at kunsten hans kan bidra til engasjement rundt mental helse.
Den une kunstneren Lavrans og bilde hans
nærbilde av en hånd som maler
Ung, lovande og utseld
Lavrans starta så smått med å måle på klede og sko, og no målar han berre med akryl. Han driv for det meste med abstrakt kunst, full av fargar, symbolikk og kjensler. Frå morgon til kveld er han i atelieret sitt i heimbyen Drammen.
Før han begynte med kunst, drøymde han om å bli fotballproff. Med kunsten har han like store mål, og han drøymer om å bli ein av dei største kunstnarane i Europa. Han er på god veg.
Kunster Lavrans
Det lysnar
Måleria har namn som spenner frå «Lungemos», «Naken» og «Usynlig» til «Flytsone» og «Hjertero». Etter at Lavrans oppdaga kunsten, har fargane bokstaveleg talt komme tilbake til livet hans. Han ser lyst på framtida.
– Livet har fleire harmoniske og gode sider, og gjennom glade fargar kan eg vise at det er håp. I kunstterapien er det fokus på å våge å bruke glade fargar fordi det kan påverke oss positivt.
– Eg vil uttrykke dei meir harmoniske sidene ved livet, med lys, fargar og motiv som har funne ro. Eg ser lyst på framtida. Kunstbransjen er lite føreseieleg, men eg har klare planar for å nå måla mine, nemleg å bli ein av dei etablerte kunstnarane i Europa.
Vil du finne flytsona di?
- Ta ting i ditt tempo, og mål det du føler for.
- Det er inga skam å hente inspirasjon frå andre kunstnarar. Det personlege uttrykket kjem etter kvart.
- Eg trur dei fleste hadde hatt gleda av å finne den flytsonen som eg kjem i når eg målar. Den roa unner eg absolutt alle. Viss måling ikkje er noko for deg, så finn du kanskje den same gleda ved å skrive eller å spele fotball.
📷 Lavrans Borgen kjem i flytsonen og får ei harmonisk og beroligande kjensle når han målar.
– Tida står stille, tankane får lov å kverne i underbevisstheita, og angsten forsvinn, fortel ho.
Dette intervjuet er skrive av Caroline Korsvoll for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for!
Bilde- og videorettar:
-
-
Privat
-
Privat
-
Getty Images
-
Privat
-
Privat
-
Privat
-
Privat
-
Privat
-
Privat
-
Privat
-