I N T E R V J U
Kva brenn
du for, Gisle?
Journalist, programleiar og influensar
Gisle A. Gjevestad Agledahl (31) er blitt ein
travel mann. Vi har tatt ein prat med han.
om kva som er viktigast i livet.
av Kjersti Kvam
Gisle A. Gjevestad Agledahl
Gisle A. Gjevestad Agledahl
– Ja, eg skyr ingen middel for å oppnå ei menneskeleg varmare verd, seier han og ler.
Men han meiner det verkeleg. Han er villig til å dele ufiltrert frå privatlivet, han har stilt seg i farefulle situasjonar – til og med i ein potensielt livstruande, og han kastar seg alltid ut i ting, sjølv om han veit at det kjem til å bli vanskeleg. I fjor arrangerte han Pride i den vesle kommunen Fyresdal – og då vart det mykje styr, for å seie det mildt. Men han synest det er verdt det.
Gisle A. Gjevestad Agledahl arrangerte Pride i Fyresdal
– Målet mitt er å skape ei meir open verd, og eg trur vegen dit går igjennom å forstå kvarandre betre. Det inneber òg å gå i dialog med og hente kunnskap om dei gruppene som hatar og står imot, og då må eg oppsøkje dei med guarden min nede. Eg trur på det gode i folk, så innstillinga mi er at menneskemøte vil gå bra, sjølv om ein står på ulike sider.
Mennesker som møtes i byen
Lyseblå bakgrunn
Gisle A. Gjevestad Agledahl
Forkjemparidola mine
- Mamma! Då det vart styr rundt at eg arrangerte Pride i Fyresdal i sommar, fekk eg plutseleg vite at mamma var den første som arrangerte 8. mars-markering i bygda i si tid, òg det til ståk og styr. Då vart eg stolt!
- Miley Cyrus! Disney-prinsessa som plutseleg flaut i kjønn og seksualitet, var ei openberring for meg. Då skjønte eg at vi alle kan romme så mykje meir enn vi trur, og at det berre er gøy, fint og spennande.
Viss Gisle var 16 år i dag,
ville han engasjert seg for …
… klimasaka! Eg skulle faktisk ønskje eg var 16 år i dag, fordi vi har tilgang på så mykje kunnskap og menneske ein kan lære frå – i mykje større grad enn berre for nokre år sidan. Og så må eg seie at eg liker så godt dei unge som veks opp no, fordi dei er så engasjerte. Eg har veldig tru på den generasjonen, rett og slett!
Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.
Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skulerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for!
Bilde- og videorettar:
-
-
Christoffer Rontén
-
Christoffer Rontén
-
@firgisle – Instagram
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
@firgisle – Instagram
-
@firgisle – Instagram
-
@firgisle – Instagram
-
Shutterstock
-
Getty Images
-