Frivilligheit
Ordet «frivilligheit» inneheld to ord: fri og villig. Når du jobbar frivillig, då får du ikkje løn. Kvifor vel så mange å jobbe som frivillig då?
FN har bestemt at 2022 er frivilligheitsåret.
Eit eige år og ein eigen dag
Frivilligheita har fått eit eige år, men den har også ein eigen dag kvart einaste år den 5. desember. Då blir det delt ut ein pris til ein person eller ei forening som har gjort ein god frivillig innsats. Prisen blir kalla Frivilligheitsprisen.
Målet med frivilligheitsåret
FNs viktigaste mål er å skape fred i verda. Frivillig arbeid kan bidra til at menneske blir venner og hjelper kvarandre. Frivilligheit kan skape ei betre verd!
Målet for frivilligheitsåret:
1. Få fleire til å jobbe frivillig.
2. Skape frivillig arbeid fleire stader.
3. Få fleire til å forstå verdien av frivillig arbeid.