Kunstige tre
Kvar dag blir vi fleire menneske på jorda. Vi tek opp meir og meir plass, og vi forbruker meir og meir av naturen. Ikkje nok med at vi forbruker meir, men avfallet vi lager, er mest sannsynleg ein trussel mot klimaet. Berre ved at vi pustar, lagar vi stadig større mengder karbondioksid.
Tre og dyr jobbar saman for å behalde den rette balansen i lufta vår. Vi er avhengige av at skogane i verda fangar opp karbondioksid som menneske og dyr pustar ut, og at dei slepper ut oksygen igjen som vi kan puste inn.
Dette systemet verkar så langt. Men kva skjer når vi blir endå fleire menneske på jorda, og vi forureinar atmosfæren med bensin, kol og gass samtidig som skogane krympar? Viss denne utviklinga held fram, blir balansen øydelagd. Den globale oppvarminga vil føre til ekstremvêr, varmare hav, sur nedbør og utrydding av tusenvis av dyreartar. Menneska har bidrege til dei høgaste nivåa av karbondioksid på 800 000 år. Men kan vi hjelpe planeten ved å påverke lufta mindre?