Kroppen treng energi

Kroppen treng næringsstoff og energi for å fungere. Men det er viktig å finne ein balanse mellom matinntak og fysisk aktivitet. Det er ikkje berre å putte i seg kva som helst. Kroppen ønskjer seg nemleg eit variert kosthald, og ikkje berre søtt og salt. For å halde humøret og konsentrasjonen oppe i løpet av ein heil skuledag, treng du næring. Frukt, grønsaker, grovt brød, fisk og friskt vatn gjer at kroppen trivst aller best. Og det fortener han!

Accessibility icon Kroppen treng energi

Kroppen treng energi

Vi pleier å snakke om tre hovudgrupper av næringsstoff i kosten. Desse er protein, feitt og karbohydrat.

Kroppen treng energi for å vekse og fungere. Dei næringsstoffa som gir energi er i hovudsak karbohydrat og feitt.

Jenter leker sammen
Jenter leker sammen

Energitett mat

For å unngå overvekt er balansen mellom kva du bruker av energi og kva du et, heilt avgjerande. Et du meir enn kroppen forbruker, vil vekta auke. Et du mykje feitt, eller mat med stor energitettleik, og samtidig lite kostfiber, aukar sjansen for overvekt.

Energitett mat inneheld mykje feitt og sukker. Mat som ikkje er energitett, er til dømes grønsaker og frukt, eller matvarer med mykje fiber og vatn. Desse inneheld òg mykje vitamin.

Ikke energitett mat
Ikke energitett mat

Karbohydrat

Karbohydrat er den viktigaste energikjelda for størstedelen av jordas befolkning, og det omfattar mellom anna naturleg og tilsett sukker, stivelse og kostfiber.

Hos fattige menneske kan karbohydrat stå for over 80 prosent av energitilførselen, medan i Noreg utgjer karbohydrat omtrent 50 prosent av energiinnhaldet i kosten.

Sukker og stivelse blir fordøydd lett, og bidreg med mykje energi. Kostfiber er karbohydrat som ikkje blir fordøydd, og dei bidreg derfor med lite energi.

Dei fleste et mindre kostfiber enn det som er tilrådd. Dei største kjeldene til kostfiber i eit typisk norsk kosthald er:

  • brød og kornvarer (50 %)
  • frukt og bær (19 %)
  • grønsaker (15 %)
  • poteter (9 %)
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brød
Brød

Protein

Protein er nødvendige for å byggje opp nye celler – både for vekst og vedlikehald. Protein er store molekyl som er bygd opp av aminosyrer.

Det daglege proteininntaket bør utgjere 10–20 prosent av energi-inntaket. Viktige kjelder til protein er fisk, kjøt, mjølk, ost og egg. Korn, bønner og nøtter er òg viktige proteinkjelder.

De største proteinkjeldene i eit gjennomsnittleg norsk kosthald er kjøt, kornvarer og meieriprodukt.

Proteinrik mat
Proteinrik mat

Feitt

Feitt er energilageret til kroppen. Når vi et, blir energien lagra som feittvev i kroppen.

Feittvev verkar som isolasjon slik at du held varmen, og det vernar indre organ i kroppen mot støytar.

Energien blir i løpet av dagen gjort om til:

  • varme – for at kroppen ikkje skal bli for kald
  • rørsleenergi – når du bruker musklane dine
  • kjemisk energi – når kroppen byggjer opp organiske stoff

Metta og umetta feitt

Feittsyrene blir delt inn i metta og umetta feittsyrer.

Du bør ete mest mogleg umetta feitt. Dette er feitt frå matplantar og fisk, medan metta feitt i hovudsak kjem frå kjøt- og meieriprodukt.

Kosthaldet bør ikkje bestå av meir enn 10 prosent metta feitt og 10–20 prosent umetta feitt.

Transfeitt er metta feitt, og finst mest i frityrfeitt som omgir til dømes fiskepanettar, snitslar og potetchips. Du bør ikkje ete meir enn éin prosent tranfeitt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vitamin

Vitamin er næringsstoff som regulerer stoffskiftet til kroppen. Stoffskifte er enkelt fortalt evna kroppen har til å nytte næringsstoffa i mat og drikke og kvitte seg med avfallsstoffa.

Vi må få i oss vitamin gjennom maten, for kroppen kan ikkje byggje dei sjølv.

Vi pleier å dele vitamin inn i feittløyselege (A, D, E og K) og vassløyselege (B og C).

Dei feittløyselege vitamina blir lagra i kroppen viss vi får meir av dei enn vi treng. Dei vassløyselege kan ikkje lagrast i nokon særleg grad, og det som er til overs, blir skilt ut gjennom urinen.

Det er ikkje bra å få i seg for mykje vitamin heller, så for nokre vitamin er det angitt ei øvre grense for dagleg inntak.

Vitamin A er nødvendig for godt syn, normal vekst, glatt hud og for  immunforsvaret til kroppen.

Det er åtte ulike B-vitamin, og dei hjelper kroppen til opptak av jern, vernar cellene og bidreg til normal energiomsetning.

Vitamin C er viktig for oppbygging og vedlikehald av støttevevet til kroppen. Dette held organa til kroppen saman. Vitaminet er òg viktig for at blodet skal ta til seg jern, og det hjelper immunforsvaret til å verne oss mot virus og bakteriar.

Vitamin D er viktig for skjelettet og immunforsvaret.

Vitamin K gjer at vi tek opp meir av vitamin D, og er delaktig i koagulering av blod – det er det som gjer at sår sluttar å blø ganske raskt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vitaminer
Vitaminer

Mineral

Mineralstoff er uorganiske stoff som kroppen treng. Vi må få i oss mineral gjennom kosten fordi kroppen ikkje kan lage desse sjølv. Vi kan få i oss mineral ved mellom anna å drikke Farris.

Det vi treng mest er kalsium, fosfor, svovel, natrium, klor og magnesium.

  • Kalsium, magnesium, fosfor og svovel er viktig for beinvev og anna støttevev.
  • Kalsium og magnesium er nødvendig for den normale funksjonen til nervecellene.
  • Jern er det oksygenbærende stoffet i raude blodlekamar.
  • Natrium, kalium og klor bidreg til regulering av kroppsvæskene.
Mineraler

Antioksidantar

Antioksidantar vernar kroppen mot angripande stoff. Matvarer som inneheld mykje antioksidantar – og som du derfor bør ete rikeleg av  – er grønsaker, frukt, bær, grove kornprodukt, belgfrukter, nøtter og urter.

Du får i deg antioksidantar ved å ha paprika på brødskiva, blåbær i smoothien og ved å drikke grøn te.

Blåbær
Blåbær

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images