Kroppen treng energi

Kroppen treng næringsstoff og energi for å fungere. Men det er viktig å finne ein balanse mellom matinntak og fysisk aktivitet. Det er ikkje berre å putte i seg kva som helst. Kroppen ønskjer seg nemleg eit variert kosthald, og ikkje berre søtt og salt. For å halde humøret og konsentrasjonen oppe i løpet av ein heil skuledag, treng du næring. Frukt, grønsaker, grovt brød, fisk og friskt vatn gjer at kroppen trivst aller best. Og det fortener han!

Accessibility icon Kroppen treng energi

Kroppen treng energi

Det er tre hovudgrupper av næringsstoff i maten vår. Desse er protein, feitt og karbohydrat.

Kroppen treng energi for å vekse og fungere. Dei næringsstoffa som gir mest energi, er karbohydrat og feitt.

Jenter leker sammen
Jenter leker sammen

Energitett mat

Et du meir enn kroppen forbruker, vil vekta auke. Et du mykje feitt, eller mat med stor energitettleik, aukar sjansen for overvekt.

Energitett mat inneheld mykje feitt og sukker. Mat som ikkje er energitett, er til dømes grønsaker og frukt, eller matvarer med mykje fiber og vatn. Desse inneheld òg mykje vitamin.

Ikke energitett mat
Ikke energitett mat

Karbohydrat

Karbohydrat er den viktigaste energikjelda for oss menneske.

I land med mykje fattigdom kan karbohydrat stå for over 80 prosent av energitilførselen. I Noreg utgjer karbohydrat omtrent 50 prosent av energiinnhaldet i maten.

Sukker og stivelse blir fordøydd lett, og dei bidreg med mykje energi. Kostfiber er karbohydrat som ikkje blir fordøydd, og dei bidreg derfor med lite energi.

Dei fleste et mindre kostfiber enn det som er tilrådd. Under ser du matvarer det lønner seg å ete for å få i seg kostfiber:

  • brød og kornvarer
  • frukt og bær
  • grønsaker
  • poteter
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brød
Brød

Protein

Protein er nødvendige for å byggje opp nye celler i kroppen. Protein er store molekyl som er bygd opp av aminosyrer.

Av det du et i løpet av ein dag, bør protein utgjere 10–20 prosent. Viktige kjelder til protein er fisk, kjøt, korn, mjølk, ost og egg.

Proteinrik mat
Proteinrik mat

Feitt

Feitt er energilageret til kroppen. Når vi et, blir energien lagra som feittvev i kroppen.

Feittvev verkar som isolasjon slik at du held varmen, og det vernar indre organ i kroppen mot støytar.

Energien blir òg brukt til å halde seg i rørsle, og til å bygge opp dei organiske stoffa til kroppen.

Metta og umetta feitt

Feittsyrene kan delast inn i to typar: metta og umetta feittsyrer.

Du bør ete mest mogleg umetta feitt. Dette er feitt frå matplantar og fisk, medan metta feitt  i hovudsak kjem frå kjøt- og meieriprodukt.

Kosthaldet bør ikkje bestå av meir enn 10 prosent metta feitt og 10–20 prosent umetta feitt.

Transfeitt er metta feitt, og finst i det frityrfeittet vi brukar til pommes frites, snitslar og potetchips. Du bør ikkje ete meir enn éin prosent transfeitt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vitamin

Vitamin er næringsstoff som regulerer stoffskiftet til kroppen. Stoffskiftet er enkelt fortalt evna kroppen har til å ta til seg næringsstoffa i mat og drikke, og evna til å kvitte seg med avfallsstoffa.

Vi må få i oss vitamin gjennom maten, for kroppen kan ikkje byggje desse sjølv.

Vi pleier å dele vitamin inn i fettløyselege (A, D, E og K) og vassløyselege (B og C).

Dei fettløyselege vitamina blir lagra i kroppen viss vi får meir av dei enn vi treng. Dei vassløyselege vitamina kan ikkje lagrast i nokon særleg grad. Det som blir til overs, blir skilt ut med urinen.

Det er ikkje bra å få i seg for mykje vitamin heller. For nokre vitamin er det angitt ei øvre grense for dagleg inntak.

Vitamin A er nødvendig for godt syn, normal vekst, glatt hud og for immunforsvaret til kroppen.

Det er åtte ulike B-vitamin, og dei hjelper kroppen til opptak av jern, beskyttar cellene og bidreg til normal energiomsetning.

Vitamin C er viktig for oppbygging og vedlikehald av støttevevet til kroppen. Dette held organa til kroppen saman. Vitaminet er òg viktig for at blodet skal ta til seg jern, og det hjelper immunforsvaret til å verne oss mot virus og bakteriar.

Vitamin D er viktig for skjelettet og immunforsvaret.

Vitamin K gjer at blodet koagulerer. Det betyr at eit sår sluttar å blø etter kort tid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vitaminer
Vitaminer

Mineral

Mineralstoff er uorganiske stoff som kroppen treng. I naturfag kallar vi det grunnstoff. Det er usynlege partiklar som finst mange stader rundt oss. Vi må få i oss mineral gjennom maten, for kroppen kan ikkje lage desse sjølv.

Det vi treng mest er kalsium, fosfor, svovel, natrium, klor og magnesium.

  • Kalsium, magnesium, fosfor og svovel er viktig for beinvev og anna støttevev.
  • Kalsium og magnesium er viktige for at nervecellene skal fungere normalt.
  • Jern held på oksygenet i blodet.
    Natrium, kalium og klor bidreg til regulering av kroppsvæskene.

 

Mineraler

Antioksidantar

Antioksidantar vernar kroppen mot angripande stoff. Matvarer som inneheld mykje antioksidantar, er grønsaker, frukt, bær, grove kornprodukt og nøtter.

Du får i deg antioksidantar ved å ha paprika på brødskiva, blåbær i smoothien og ved å drikke grøn te.

Blåbær
Blåbær

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images