Kroppen treng energi
Kroppen treng næringsstoff og energi for å fungere. Men det er viktig å finne ein balanse mellom matinntak og fysisk aktivitet. Det er ikkje berre å putte i seg kva som helst. Kroppen ønskjer seg nemleg eit variert kosthald, og ikkje berre søtt og salt. For å halde humøret og konsentrasjonen oppe i løpet av ein heil skuledag, treng du næring. Frukt, grønsaker, grovt brød, fisk og friskt vatn gjer at kroppen trivst aller best. Og det fortener han!
Kroppen treng energi
Det er tre hovudgrupper av næringsstoff i maten vår. Desse er protein, feitt og karbohydrat.
Kroppen treng energi for å vekse og fungere. Dei næringsstoffa som gir mest energi, er karbohydrat og feitt.
Jenter leker sammen
Energitett mat
Et du meir enn kroppen forbruker, vil vekta auke. Et du mykje feitt, eller mat med stor energitettleik, aukar sjansen for overvekt.
Energitett mat inneheld mykje feitt og sukker. Mat som ikkje er energitett, er til dømes grønsaker og frukt, eller matvarer med mykje fiber og vatn. Desse inneheld òg mykje vitamin.
Ikke energitett mat
Brød
Protein
Protein er nødvendige for å byggje opp nye celler i kroppen. Protein er store molekyl som er bygd opp av aminosyrer.
Av det du et i løpet av ein dag, bør protein utgjere 10–20 prosent. Viktige kjelder til protein er fisk, kjøt, korn, mjølk, ost og egg.
Proteinrik mat
Vitaminer
Mineral
Mineralstoff er uorganiske stoff som kroppen treng. I naturfag kallar vi det grunnstoff. Det er usynlege partiklar som finst mange stader rundt oss. Vi må få i oss mineral gjennom maten, for kroppen kan ikkje lage desse sjølv.
Det vi treng mest er kalsium, fosfor, svovel, natrium, klor og magnesium.
- Kalsium, magnesium, fosfor og svovel er viktig for beinvev og anna støttevev.
- Kalsium og magnesium er viktige for at nervecellene skal fungere normalt.
- Jern held på oksygenet i blodet.
Natrium, kalium og klor bidreg til regulering av kroppsvæskene.
Antioksidantar
Antioksidantar vernar kroppen mot angripande stoff. Matvarer som inneheld mykje antioksidantar, er grønsaker, frukt, bær, grove kornprodukt og nøtter.
Du får i deg antioksidantar ved å ha paprika på brødskiva, blåbær i smoothien og ved å drikke grøn te.
Blåbær
Kjelder:
- Helsedirektoratet.no (06.09.21): Energi, energiomsetning og energibalanse
https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kostradene-og-naeringsstoffer/inntak-av-naeringsstoffer/energi-energiomsetning-og-energibalanse
- Matportalen.no (06.09.21): Energi
https://www.matportalen.no/kosthold_og_helse/tema/naringsstoffer/energi
- Matprat.no (06.09.21): Næringsstoffer
https://www.matprat.no/livsstil/naringsstoffer/?gclid=Cj0KCQjw-NaJBhDsARIsAAja6dNo5nXLdGDWXG7qOBjrwNLnxzTFMARMUQpF8oe21IIYu5uSXY_lIdsaAqM4EALw_wcB&gclsrc=aw.ds
- Matprat.no (06.09.21): Mineraler
https://www.matprat.no/livsstil/naringsstoffer/mineraler/?gclid=Cj0KCQjw-NaJBhDsARIsAAja6dMZzmpMEFF3iNE6OcRWEx0yz_9D5I6oqn-np7hgURpNFT9Vewhxwv0aAh8qEALw_wcB&gclsrc=aw.ds
- Matprat.no (06.09.21): Karbohydrater
https://www.matprat.no/artikler/ernaring/karbohydrater/
- Matprat.no (06.09.21): Fett
https://www.matprat.no/artikler/ernaring/fett/
- Matprat.no (06.09.21): Proteiner
https://www.matprat.no/artikler/ernaring/proteiner/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-