Kva er fantasi?
Kan du sjå for deg ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel? Ingen andre dyr på jorda kan gjere det. Inni hovudet ditt kan du dele opp mentale bilde av ting du har sett før, og setje saman bitane til noko heilt nytt. Set saman eit krypdyr og ein fugl, og vips så har du ein drake. Tenk på fargen til ein lilla blomst, så kan du farge draken. Dette er berre mogleg fordi vi kan fantasere. Men vi har ikkje alltid hatt denne evna.
Menneskehjernen har vakse
Då moderne menneske vandra ut av Afrika for rundt 100 000 år sidan, brukte dei framleis dei same enkle reiskapa som forfedrane sine. Det skulle ta endå 60 000 år før kreativiteten til mennesket begynte å utvikle seg i raskt tempo. Det som skjedde i mellomtida, var at hjernen til mennesket voks seg større. Områda i hjernen som styrer språk og tolking av synsinntrykk, begynte å samarbeide. Forskarar trur at det var dette som gav opphav til fantasien vår.
Ung kvinne flyr
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!