Kor gamle kan vi bli?

Ny forståing av kva prosessar i kroppen som forårsakar aldring, kan bidra til å flytte grenser og endre den vanlege forståinga vår av alder.

Accessibility icon Kor gamle kan vi bli?

Anti-aldringsforskarane gjer seg klare til å flytte grensene. Kor gamle kan vi bli? 

Vi blir fødde, vi lever, og vi døyr. Dette er den naturlege syklusen til den menneskelege eksistensen, men somme lever lenger enn andre. Det eldste mennesket gjennom tidene var franske Jeanne Louise Calment, som blei imponerande 122 år og 164 dagar gammal. Men kva er løyndommen bak eit langt liv? Menneske er utruleg komplekse skapningar og lever spesielt lenge, noko som gjer forsking på aldringsprosessar svært utfordrande. Mesteparten av aldringsforskinga har difor blitt utført på dyr. Dei fleste forskarane føretrekkjer Caenorhabditis elegans, ein liten mark på storleik med dette kommaet, og Mus musculus – den gode, gamle labmusa. 

Skjønnhetsprodukter
Skjønnhetsprodukter

Ormane lever i om lag tre veker, mens musene har ei forventa levetid på rundt tre år. Begge artane har mange gen som minner om våre eigne. Ved hjelp av desse modellane har forskarane funne fleire faktorar dei trur kan bremse aldringsprosessen, blant anna stamceller, kalorirestriksjon og medisinar. Forskarar verda over har i fleire år prøvd å knekkje koden, og etter tiår med nitid forsking har dei no ei rekkje teoriar som enn så lenge ikkje har blitt testa på menneske. 

Brian Kennedy, leiar ved Buck Institute for Research on Aging i California, slår fast at aldring er den viktigaste risikofaktoren for alle sjukdommar det blir forska på. Han seier det no faktisk er mogleg å bremse aldringsprosessen hos mus og primatar, med teknikkar som ikkje berre gir auka levetid, også sunnheitstid. Sunnheitstid er altså kor lenge du held deg frisk og rask. Forskarane har komme fram til mange ulike løysingar, men utfordringa er å kunne teste dette på menneske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Små hvite mus i et bur
Små hvite mus i et bur

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!