Kampen mot mikrobane

Menneske er konstant i krig med mikrobar som vil ta maten frå oss. Maten har ein stor plass i livet vårt, men den utgjer heile livet til mikroskopiske bakteriar og sopp.

Du finn mikrobane i lufta, i vatnet og på kjøkkenbenken. Og om dei får vere i fred, vil dei blomstre opp og ta over maten din ved å omdanne etande mat til ei pelskledd guffe.

Viss det ikkje er mikrobane ein kjempar mot, kan ein alltid møte på enzym som finst naturleg i plantar og dyr. Dei kan gyve laus på enkelte matvarer og bryte dei ned. Til og med oksygen kan øydeleggje maten vår ved å gjere feittet harskt.

Hensikta med konservering av mat er difor å stoppe, eller i det minste forsinke, alt dette som øydelegg maten vår.

No skal vi gå gjennom ulike måtar å konservere maten vår på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sylting

Eddik er syrleg, og denne syra gir mikrobane store problem. Ho påverkar maskineriet inni molekyla deira, vrir enzyma ut av fasong og hindrar dei i å fungere skikkeleg. Utan enzym blir livet til mikrobane stoppa.

Vi syltar til dømes agurkar, lauk og rødbeter.

Uttørking

Alt liv på jorda treng vatn, og når vi fjernar fukt frå maten, gjer vi han til ein utriveleg stad å leve. Målet er å senke vassinnhaldet til under 20 prosent. I eit så tørt miljø slit mange mikroorganismar med å overleve.

 

Krydder og urter er typisk tørka mat som held lenge, men vi kan òg tørke kjøt og frukt.

Hermetisering

Å leggje maten i ein forsegla behaldar og varme han opp for å drepe alle mikrobar, er ein effektiv måte å konservere mat på. Dette kallar vi sterilisering. Når maten først er blitt sterilisert, kan ingenting kome inn og byrje å bryte ned maten.

All boksmat er hermetisert på denne måten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!