Kampen mot mikrobane
Menneske er konstant i krig med mikrobar som vil ta maten frå oss. Maten har ein stor plass i livet vårt, men den utgjer heile livet til mikroskopiske bakteriar og sopp.
Du finn mikrobane i lufta, i vatnet og på kjøkkenbenken. Og om dei får vere i fred, vil dei blomstre opp og ta over maten din ved å omdanne etande mat til ei pelskledd guffe.
Viss det ikkje er mikrobane ein kjempar mot, kan ein alltid møte på enzym som finst naturleg i plantar og dyr. Dei kan gyve laus på enkelte matvarer og bryte dei ned. Til og med oksygen kan øydeleggje maten vår ved å gjere feittet harskt.
Hensikta med konservering av mat er difor å stoppe, eller i det minste forsinke, alt dette som øydelegg maten vår.
No skal vi gå gjennom ulike måtar å konservere maten vår på.