Kjønnsroller

Kvifor leikar gutar og jenter med ulike leiker? Kvifor gjer jenter det betre på skulen? Kvifor jobbar flest kvinner i helsesektoren?

Accessibility icon Kjønnsroller

Kva er kjønnsroller?

Har du lurt på kvifor gutar og jenter får ulike leiker? Kvifor jenter nokre gonger gjer det betre på skulen enn gutar? Lurer du på kvifor det er flest kvinner som jobbar i helsesektoren? Dette er spørsmål mange forskarar òg lurer på.

Gutt med rosa t-skjorte

Biologisk og sosialt kjønn

Vi skil mellom «biologisk» og «sosialt» kjønn. Med biologisk kjønn meiner vi at vi har ulik kropp. Med sosialt kjønn meiner vi at samfunnet har ulike forventningar til gutar og jenter. Barn blir sosialiserte av samfunnet på ulike måtar.

På engelsk brukar vi omgrepa «sex» (biologisk) og «gender» (identitet). Synet på kjønnsroller kan variera frå kultur til kultur. Kjønnsroller har òg endra seg mykje dei siste 40 åra.

En ung jente blir opplært av en faglært
En ung jente blir opplært av en faglært

Fødd sånn eller vorten sånn?

Nokre former for kjønnsroller er biologiske. Nokre former for kjønnsroller er skapte av forventningar frå samfunnet ein lever i.

Biologiske skilnader viser at menn er fysisk sterkare og meir aggressive enn kvinner. Derfor vil ein sterk mann med lange armar tilby seg å bera dei tyngste eskene for kona si.

Forsking viser at eldre menn helst vil ha yngre kvinner når dei vel partnar. Dette kan vi forklara med evolusjonsteori – korleis føra gena vidare og overleva.

Forsking viser at ein forventar ulik åtferd hos gutar og jenter. Og at gutar og jenter har ulike interesser. Dei liker ulike fargar og yrke. Gutar og jenter har ulike måtar å vera på.

Desse påstandane ser på korleis barn blir påverka av miljøet rundt seg når dei veks opp. Korleis blir barn sosialiserte av samfunnet dei lever i?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et par som pakker ned i esker
Et par som pakker ned i esker

Kjønnsroller i barnehagen

Forskarar har observert at barnehagetilsette ofte forventar at gutar skal vera fysiske og aktive når dei leikar. Samtidig forventar dei at jenter skal vera stille, flinke og rolege. Forskarane viser korleis språket påverkar oss når det gjeld forventningar til kjønnsroller.

Barnehagetilsette kjem med ulike kommentarar til gutar og jenter. Når dei kjem med ei ny leike til ei jente, seier dei kanskje «så fin og søt du er». Til gutar kan dei seia «å, for ein tøffing».

Gutar og jenter får ulike leiker og klede i barnehagen. Dei vaksne gir barna typiske «gute- og jenteleiker».

«Eit døme på dette var når ei jente i barnehagen, som til vanleg brukte typiske «guteklede», plutseleg kom i ein rosa kjole. Då fekk ho kommentarar frå personalet om kor søt og fin ho var i kjolen.» (Stand, 2017)

Denne åtferda frå dei vaksne er med på å forma det biletet barnet har av seg sjølv, av identiteten sin.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et barn som har te selskap med lekene hennes
Et barn som har te selskap med lekene hennes

Kvifor vel gutar og jenter så ulikt?

Visste du at 6 av 10 studentar ved universitet og høgskular er jenter? I Noreg er det framleis vanleg at gutar og jenter vel typiske kjønnstradisjonelle yrke. Kvifor er det slik? Forskarar meiner at ein av grunnane er forventningane gutar og jenter får frå familie, skule og media. Ein annan påstand er at jenter blir raskare modne enn gutar. Derfor er jenter òg betre førebudde på teoretiske utdanningar.

Kjønnsroller og kjønnsskilnader i samfunnet har mange forklaringar. Men kjem skilnadene av biologiske grunnar eller av sosiale grunnar? Er vi fødde slik, eller blir vi slik?

Kva tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brannmenn på jobb
Brannmenn på jobb

Kjelder:

  • Teigen, Karl Halvor; Svartdal, Frodekjønnsrolle Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. august 2020 frå https://snl.no/kjonnsrolle

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. BBC Stories Youtube
    6. Getty Images