Kjønnsroller

Kvifor leikar gutar og jenter med ulike leiker? Kvifor gjer jenter det betre på skulen? Kvifor jobbar flest kvinner i helsesektoren?

Accessibility icon Kjønnsroller

Kva er kjønnsroller?

Lurer du på kvifor gutar og jenter får ulike leiker? Kvifor er det lettare for jenter på skulen enn for gutar? Eller lurer du på kvifor det er flest kvinner som jobbar på sjukehuset? Dette er spørsmål mange forskarar òg lurer på.

Gutt med rosa t-skjorte

Biologisk og sosialt kjønn

Det er skilnad på biologisk kjønn og sosialt kjønn. Biologisk kjønn tyder at gutar og jenter har ulik kropp. Sosialt kjønn tyder at familie og venner behandlar oss ulikt.

Kjønnsroller kan variera frå kultur til kultur. Kjønnsroller har endra seg mykje dei siste 40 åra.

En ung jente blir opplært av en faglært
En ung jente blir opplært av en faglært

Fødd sånn eller vorten sånn?

Nokre former for kjønnsroller er biologiske. Vi er fødde sånn.

Samfunnet skaper andre sosiale kjønnsroller. Vi har vorte sånn.

Menn er fysisk sterkare og meir aggressive enn kvinner. Derfor kan ein sterk mann med lange armar bera tunge esker for kona si.

Forsking viser at eldre menn vel yngre kvinner som kjærast. Denne forklaringa har med utviklinga og overlevinga til mennesket å gjera. Vi kallar dette evolusjonsteori. Korleis kan ein best føra arvestoffet sitt vidare til barna?

Forsking viser at gutar og jenter har ulike interesser. Dei liker ulike fargar og yrke. Dei oppfører seg ulikt. Kvifor er det slik? Forsking ser på korleis barn blir sosialiserte. Korleis blir dei påverka av samfunnet rundt seg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et par som pakker ned i esker
Et par som pakker ned i esker

Kjønnsroller i barnehagen

Forskarar har oppdaga at dei som jobbar i barnehagar, behandlar gutar og jenter ulikt. Dei forventar at gutane skal vera fysiske og aktive når dei leikar. Jentene skal vera flinke og rolege når dei leikar.

Språket vårt har makt når det gjeld kjønnsroller. Til jenter kan ein seia «så fin og søt du er». Til gutar seier ein ofte «å, for ein tøffing».

Dei som jobbar i ein barnehage, kan gi barna typiske guteleiker og jenteleiker. Eller typiske guteklede og jenteklede. Slike ting formar sjølvkjensla og identiteten til barna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et barn som har te selskap med lekene hennes
Et barn som har te selskap med lekene hennes

Kvifor vel gutar og jenter så ulikt?

Det er fleire jenter enn gutar i høgare utdanning. I Noreg er det framleis vanleg med ulike jobbar for gutar og jenter. Gutar vel typiske yrke for menn. Jenter vel typiske yrke for kvinner. Kvifor vel gutar og jenter ulike yrke?

Ein grunn er at jenter blir modne før gutar. Derfor er jenter flinkare på skulen enn gutar. Samfunnet forventar at gutar vel jobbar som er typiske for menn.

Kjønnsroller og kjønnsskilnader i samfunnet har mange forklaringar. Er det biologiske grunnar eller sosiale grunnar til at det er slik? Er vi fødde ulike, eller blir vi ulike?

Kva tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brannmenn på jobb
Brannmenn på jobb

Kjelder:

  • Teigen, Karl Halvor; Svartdal, Frodekjønnsrolle Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. august 2020 frå https://snl.no/kjonnsrolle

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. BBC Stories Youtube
    6. Getty Images