Kan vi elske den vi vil?
For dei aller fleste kjennest det veldig godt å vere forelska. Men nokre gongar kan det også vere vanskeleg. Det kjem an på kven ein er forelska i.
Bryllupskake i et likekjønnet ekteskap
Seksuell orientering
Seksuell orientering er sjeldan eit val, men noko dei fleste opplever at dei er fødde med. Nokre er heterofile og blir tiltrekte av det motsette kjønnet, mens andre er homofile og blir tiltrekte av folk med same kjønn. Det finst også bifile eller panfile som er tiltrekte av begge kjønn. Homofili er ikkje noko vi berre finn hos menneske, men hos alle dyreartar, frå pattedyr til insekt.
Lykkelig lesbisk par
Pride-paraden i Oslo i 2018
Nygift homofilt par
Trist gutt inne i mørket
Regnbuefargede hender i håndjern
Muslimsk kvinne
Tvangsekteskap med håndjern
Arrangert ekteskap
Arrangert ekteskap er lovleg i Noreg viss personane som skal gifte seg er over 18 år. I dette tilfellet hjelper familien med å finne ein ektefelle til dei som skal gifte seg, men begge personane må vere einige og takke ja. Her er det ikkje rom for tvang. Historisk har arrangerte ekteskap ikkje vore uvanleg blant kongefamiliar og gardeigarar for å skape alliansar. I Noreg i dag kan det gå føre seg i somme etniske miljø.
Ein del politikarar i Noreg ønskjer å forby dette, sidan det er vanskeleg å skilje mellom arrangerte ekteskap og tvangsekteskap.
Kampen for kjærleiken
Å elske den ein vil, har vore ein kamp i Noreg og er framleis ein stor kamp i mange delar av verda. Ingen kan bestemme kven du skal elske eller gifte deg med. Det er eit val som berre du kan ta.
Kjærleikens vegar er uransakelege, seiest det, og verken religion, kjønn, etnisitet eller landegrenser kan gjere noko med det.
Kjelder:
- IMDI (28.06.2021): Negativ sosial kontroll og tvangsekteskap
https://www.imdi.no/om-integrering-i-norge/kunnskapsoversikt/negativ-sosial-kontroll-og-tvangsekteskap/
- Amnesty (28.06.2021): Å elske er en menneskerett
https://amnesty.no/elske-er-en-menneskerett-0
- FRI (Foreningen for kjønn- og seksualitetsmangfold) (28.06.2021): Historie
https://www.foreningenfri.no/om-oss/organisasjon/historie/
- Library of Congress (29.06.2021): Prohibition of Interfaith Marriage
https://www.loc.gov/law/help/marriage/interfaith-prohibition.php
- Pew Research Center (29.06.2021): Same-Sex Marriage Around the World
https://www.pewforum.org/fact-sheet/gay-marriage-around-the-world/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Human-Etisk Forbund (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Harm & Hegseth // VGTV – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Antoine Dieu
-
Getty Images
-
Ad Council – YouTube
-