Joik – ei tradisjonell samisk musikkform
Joiken til samane er ei av dei eldste formene for folkemusikk i Europa. Joik er ein viktig del av kulturen til samane. Før blei samiske forteljingar overførte munnleg frå ein generasjon til den neste. Joik er derfor både litteratur og musikk.
Joik er framleis ein viktig kunst. Eigentleg blir det ikkje brukt instrument til joiken, berre stemma. På samisk heiter å joika juoigat.
Joik og religionen
Før brukte sjamanen joik saman med runebommen under religiøse seremoniar. Ofte inneheldt desse joikane epos, som er eit langt dikt. Eposa kunne fortelja ei historie om livet til nokon. Nokre gonger gjekk historia gjennom fleire generasjonar. Dei kunne òg handla om eldgamle segner.
📷 Ein runebomme med motivstruktur av sørsamisk type.
Joik som protest
Nokre joikar handlar om det som skjedde med samane for fleire hundre år sidan. Då blei dei pressa nordover og tvinga til å bli kjende med kristendommen. Joiken blei brukt for samhald og protest. Sjølv om embetsmenn og misjonærar kunne noko samisk, var desse protestane vovne inn med ord og uttrykk som dei ikkje kunne. Dei kunne forstå joiken, men ikkje bodskapen.
Joik er kulturarv
Joik blei forbode då samane ble kristna. Ikkje-samar meinte at joik var synd. I mange område forsvann joiken heilt. Joik er ein gammal samisk kulturarv som det er viktig å føra vidare. Dei som ikkje kan læra joik heime, lærer det ofte på skulen eller på kurs.
Joikekurs med Berit Alette Mienna
Kjelder:
- Gaski, Harald; Ledang, Ola Kai; Aksdal, Bjørn: joik i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 26. januar 2021 frå https://snl.no/joik
- NDLA (26.01.2021): Samisk litteratur
https://ndla.no/nn/subject:19/topic:1:186579/topic:1:196049/resource:1:190220?filters=urn:filter:f4581340-52f1-435d-8f99-d5de4e123f70
- Nordlige folk (26.01.2021): Joik
https://nordligefolk.no/sjosamene/kunst-musikk-litteratur/joik-2/
Bilet- og videorettar:
-
-
Jørn Pettersen / Riksarkivet
-
Åge Hojem / NTNU Vitenskapsmuseet (CC BY 2.0)
-
Getty Images / NRK Skole
-
Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
-
Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
-
Ukjent
-
Daniel Skog / Riddu Riđđu
-
Tore Sætre (CC BY-SA 4.0) / NRK – YouTube
-