J U L E F O R T E L j I N G

Jenta med svovelstikkene

Det var frykteleg kaldt. Det snødde, og det begynte å bli mørkt. Det var den siste kvelden i året, nyttårsaftan. I kulda og mørkret gjekk det ei lita, fattig jente på gata. Hovudet var bert og føtene nakne. Ja, ho hadde då hatt tøflar på seg då ho gjekk heimanfrå, men kva hjelpte vel det?

Tøflane var altfor store, og det var mora hennar som hadde brukt dei før.

Ja, dei var så store at den vesle jenta hadde mista dei då ho sprang over gata for ikkje å bli påkøyrd av ei vogn som for forbi. Den eine tøffelen var det uråd å finne igjen, og den andre sprang  ein gut av garde med. Han sa han kunne bruke tøffelen til vogge når han fekk barn.

Piken med svovelstikkene løper over gata og mister den ene tøffelen

Dei nakne føtene til den vesle jenta var raude og blå av kulde. I eit gammalt forkle hadde ho ei mengd svovelstikker, og ho heldt opp ein bunt med handa.

Ingen hadde kjøpt noko av henne heile dagen, og jenta hadde ikkje tent så mykje som ein skilling.

Piken med svovelstikkene, alene i vinternatten

Svolten og frosen gjekk ho omkring medan snøfnugga dalte ned i det lange, gule håret hennar som krølla seg så fint i nakken. I alle vindauga skein lysa, og det lukta så herleg av gåsesteik, for det var jo nyttårsaftan. Borte i ein krok mellom to hus sette ho seg ned og kraup saman. Ho trekte dei små føtene godt opp under seg, men ho fraus likevel.

Ho våga ikkje å gå heim, for ho hadde ikkje selt ei einaste svovelstikke, og faren ville sikkert slå henne.

Kaldt var det også heime, for vinden peip gjennom huset endå det var dytta strå og filler i sprekkane.

Piken med svovelstikkene sitter i en krok mellom husene og fryser

Dei små hendene hennar var nesten daude av kulde. Å, ei lita svovelstikke kunne gjere godt! Berre ho torde stryke ei mot veggen og varme fingrane litt. Ho trekte ut ei. Ritsj! Og som ho spruta, og som ho brann!

Det var ein god, klar varme, og stikka såg akkurat ut som eit lite lys då ho heldt handa rundt henne.

Den vesle jenta drøymde at ho sat framfor ein stor jernomn med blanke messingkuler på. Elden brann så velsigna og varma så godt. Ho strekte føtene ut for å varme dei også, men då slokna flammen. Omnen vart borte, og ho sat med den utbrende svovelstikka i handa.

Snøfall på mørk bakgrunn
Snøfall på mørk bakgrunn

Ho strauk av ei ny. Ho brann og varma, og der lyset fall på muren såg ho liksom inn i stova der bordet stod dekt med skinande kvit duk og det finaste porselenet. Og der var gåsa! Ho dufta så herleg, og ho var fylt med svisker og eple.

Gåsa hoppa ned frå fatet og vralta bortover gulvet med gaffel og kniv i ryggen. Heilt bort til den fattige jenta kom ho.

Men så slokna svovelstikka, og igjen kunne ho berre sjå den tjukke, kalde muren.

Piken med svovelstikkene drømmer om en gås

Den vesle jenta tende ei ny. Då sat ho under det nydelegaste juletreet. Det var endå større og endå finare pynta enn det ho hadde sett gjennom glasdøra hos den rike kjøpmannen i jula.

Tusen lys brann på dei grøne greinene, og små bilde kikka ned på ho, akkurat slik som ho hadde sett i butikkvindauga.

Ho strekte begge hendene i veret … Då slokna svovelstikka. Alle julelysa steig høgare og høgare. Og no så ho at det var stjerner. Ei av dei fall ned og laga ei lang stripe på himmelen.

Piken med svovelstikkene ser syner av et juletre

«No er det ein som døyr», sa den vesle jenta. For då mormor levde, hadde ho sagt til henne: «Når ei stjerne fell, går ei sjel opp til Gud.» Igjen strauk ho ei svovelstikke mot muren. Ho flamma opp, og i lyset stod gamle mormor, så klar og skinande, så mild og velsigna.

«Mormor!» ropte den vesle jenta. «Kan du ikkje ta meg med deg, mormor! Eg veit at du blir borte når svovelstikka går ut, akkurat slik som den varme omnen, den herlege gåsesteika og det store, nydelege juletreet.»

Jenta ser bestemoren i et syn

Og ho skunda seg å stryke av alle dei svovelstikkene ho hadde, for ho ville så gjerne at mormor skulle vere rett lenge hos henne. Og svovelstikkene tindra slik at det var lyst som midt på dagen.

Mormor hadde aldri vore så pen og så stor nokon gong. Ho løfta den vesle jenta opp på armen sin, og dei flaug så høgt, så høgt.

Der oppe var det ingen kulde, ingen svolt, ingen angst, for no var dei hos Gud.

En fyrstikk som brenner med sort bakgrunn
En fyrstikk som brenner med sort bakgrunn

Men i den kalde morgontimen sat den vesle jenta framleis i kroken ved huset. Kinna var raude, og munnen hennar smilte.

Men ho var død, frosen i hel den siste kvelden i det gamle året.

Og heile bunten med svovelstikker var brunne opp. «Ho har vel villa varme seg», sa folk. Ingen visste noko om alt det fine ho hadde sett, og om det strålande lyset som hadde følgt henne og mormora inn i det nye året.

Den lille piken sitter døder død inntil veggen på huset

Kjelder:

  • Våre vakreste julefortellinger (2021)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Hans Tegner (Offentlig eiendom)
    3. Jahn Thomas Lundeby (Offentlig eiendom)
    4. Helen Stratton (Offentlig eiendom)
    5. Getty Images
    6. Helen Stratton (Offentlig eiendom)
    7. Hans Tegner (Offentlig eiendom)
    8. Hinko Smrekar
    9. Getty Images
    10. Hans Tegner (Offentlig eiendom)