Heltinna frå Orléans

Dette er den utrulege historia om bondejenta som fekk eit guddommeleg syn, førte ein hær og blei martyr i hundreårskrigen. Då den unge Jeanne d’Arc blei ført til bålet ho skulle brennast på, ropa ho opp til himmelen og bad om Guds nåde. Men kva hadde ho eigentleg gjort?

Jeanne var mykje meir enn ei enkel bondejente med guddommelege syn. Ho var ein krigar, ein splittande politisk skikkelse som kunne ha snudd utviklinga i hundreårskrigen.

⬅  Jeannes berømte kvite fane var pynta med liljer, ein blom som vanligvis blei knytt til det franske monarkiet ho kjempa for.

Jeanne d'Arc

Kjettarska

Titusenvis av menneske hadde samla seg på torget i Rouen for å få med seg hendinga. Rouen var ein del av Normandie og på den tida under engelsk herredømme. Jeannes einaste trøyst i desse fryktelege siste augeblinkane av livet hennar var ein prest frå dominikanarordenen. Han var blitt beden om å halda korset sitt høgt slik at ho kunne sjå det over flammene, som no slikka rundt den nedre delen av kroppen hennar.

Jeanne d’Arc var kledd i kvitt, fargen til det reine, og var berre ein tenåring då ho blei avretta. Så hard var dommen for kjetteri. Ho blei kalla kjettarske, men påstod sjølv at ho i årevis hadde mottatt meldingar frå englane.

Det formelle klagemålet var at ho hadde oppført seg «kjettersk» ved å kle seg som mann. Men ho hadde vore ei merkt kvinne ei stund allereie. Ho hadde trass alt audmjuka det allmektige England under hundreårskrigen, og det kunne ein ikkje ta lett på.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jeanne d'Arc brennes på bålet med en stor folkemengde rundt seg, og en engel som kommer svevende ned fra himmelen.
Jeanne d'Arc brennes på bålet med en stor folkemengde rundt seg, og en engel som kommer svevende ned fra himmelen.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!