Byplanlegging i oldtida
For fleire tusen år sidan fanst det store byar. Jeriko (9000–6000 f.Kr) låg nord for Daudehavet, og Uruk (3000 f.Kr) låg sør i det som i dag er Irak. Alle ønskte å bu i ein perfekt by. Ein by som var trygg for fiendar. Der alle hadde reint vatn, og dei vaksne hadde gode og trygge jobbar. Men hygiene var ofte eit problem i byane i oldtida.
Arkitekten bak idealbyen
I renessansen på 1400-talet var det ein arkitekt som heitte Filarete. Han prøvde å teikna Den perfekte byen. I den byen skulle alle pasientar på sjukehuset ha eigne rom. Då var dei tryggare for smitte. Dei blei raskare friske.
Idealbyen på bakgrunn
Den perfekte byen
På teikninga her ser du ein åttekanta by med ein sirkel rundt. Slik skulle den perfekte byen bli bygd. Leonardo da Vinci såg nøye på denne teikninga, og han ville laga noko som likna. Ingen av desse byane blei bygde.
Da Vinci-bakgrunn
Byane spreidde sjukdom
På 1400-talet tok Svartedauden og andre sjukdommar livet av 1/3 av folket i Europa. Grunnen til dette var at byane ofte var tronge, møkete og utan frisk luft. Då spreier smittsame sjukdommar seg fort.
Idealbyen til Leonardo da Vinci
Leonardo da Vinci teikna ein by som skulle vera trygg å bo i. Byen hadde fleire etasjar. Nedst var det plass til hestar og vogner. I øvste etasje kunne folk gå trygt. Her var det frisk luft, sol og reint vatn. Han teikna også eit underjordisk kloakksystem. Då blanda ikkje kloakken seg med drikkevatnet. Og då ville det vera lettare for folk å halda seg friske.
Da Vinci-bakgrunn
Ideelle byar i moderne tid
Me har berre teikningar av den byen Leonardo da Vinci ville byggja. Nokre av ideane hans har blitt brukt i moderne tid. Ein som prøvde å laga ein perfekt by, var Adolf Hitler. Han fekk bygd ein modell av Germania. Det skulle vera ein perfekt hovudstad i det nazistiske verdsriket. Desse planane blei det heller aldri noko av.
Kjelder:
- Vold, Thurid; (2007), Tekst frå Arne Gunnarsjaas Arkitekturleksikon: Filarete i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/Filarete
- Thorsnæs, Geir; Butenschøn, Peter: by – historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/by_-_historie
- Dødehavet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/Dødehavet
- Smartcitylab.com (06.10.2020): The city designed by Leonardo da Vinci that was centuries ahead of its time
https://www.smartcitylab.com/blog/urban-environment/the-city-designed-by-leonardo-da-vinci-that-was-centuries-ahead-of-its-time/
Bilet- og videorettar:
-
-
Carole Raddato (CC BY-SA 2.0)
-
Ukjent
-
Filarete
-
Getty Images
-
Leonardo da Vinci
-
Museo Nazionale della Scienza e della Tecnologia Leonardo da Vinci – Youtube
-
Getty Images
-
Nachlass Albert Speer / Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)
-